Koronavaksinasjon

Klikk for stort bilde www.fhi.no Til deg som er innbyggjar i Lom kommune

Styresmaktene har bestemt at kommunane skal tilby innbyggjarane vaksinasjon mot koronaviruset, etter ei fastsett prioritering for kven som skal ha vaksinen når.

 Å få vaksinen er gratis, og vi ynskjer at alle som kan ta vaksinen, vel å ta han.

Ikkje alle er på internett, så det er fint om pårørande informerer sine.

Informasjon

  • Du skal ikkje kontakte kommunen eller fastlegen for å sette deg på venteliste.
    • Vi følgjer prioriteringa frå FHI og du kan ikkje få vaksinen før det er din tur.
    • Dei som skal prioriterast høgare enn resten av aldersgruppa blir prioritert opp av fastlegen sin, og får etter hand melding om dette frå Helsesenteret.
    • Har du fastlege i anna kommune så be fastlegen kontakte Lom, om du er i ei gruppe som skal prioriterast opp. Du får melding om dette blir gjort.
       
  • Første gruppa som blir vaksinert er dei over 75 år. Ingen andre prioriterast så høgt.
    • Vi kontaktar den enkelte når vi veit tida for vaksine nærmar seg og gjer avtale om tid.
    • Vil du ikkje vaksinerast får du eit skriv du skal skrive under på.
       
  • Neste gruppe er dei mellom 65 og 75år og dei yngre som etter Folkehelseinstituttet (FHI) sine reglar skal prioriterast opp til denne gruppa.
    • Vi kontaktar dei når vi veit tida for vaksine nærmar seg og gjør avtale om tid.
    • Vil du ikkje vaksinerast får du eit skriv du skal skrive under på.
       
  • Etter dette blir 10 års gruppe etter 10 års gruppe kontakta på same vis.
    • Dei frå gruppa «under» som skal prioriterast opp blir kontakta med resten av gruppa.

 

Tilbod om vaksinering kan kome på stutt varsel!

Du blir kontakta i telefon eller med tekstmelding (SMS) etter kvart som vi får inn vaksine. Om du ikkje har høve til å møte på tida du får tilbode, får du tilbod om ny tid seinare.  

Meir informasjon finn du på Lom kommune sine heimesider, på Facebook og fhi.no.

Vi ser fram til å starte med vaksinering og vonar at du vil vere med på å få samfunnet attende til normalen.

Klikk for stort bilde