Kurs for foreldre: Korleis skape tryggleik for barn?

Er du interessert i å lære meir om kva som gjev tryggleik for barnet ditt? Da kan kurs i tryggleikssirkelen/Circle of securtity parenting (COS-P) vera noko for deg! Kurset passar for alle foreldre om det er utfordringar i heimen eller ei. 

Tryggleik er viktig for utvikling av empati, venskap og god sjølvkjensle.  Trygge barn opplever også meir glede saman med foreldra sine og søkjer oftare hjelp hjå foreldra/føresette når dei har det vanskeleg. Dette kurset har fokus på at foreldra/føresette i kvardagssituasjonar kan skape tryggleik, gjennom samstundes å møte barnet sitt emosjonelle behov og setje grenser. 

Kurset er basert på eit ferdigutvikla DVD- materiell og foregår i gruppe. Dykk vel sjølve kor mykje dykk ynskjer å dele i gruppa. 

  • Kurset startar opp 13.10 kl 17:00.
  • Kursdagar i haust blir: 13.10, 20.10, 27.10, 3.11, 10.11, 17.11
  • Vi møtast annakvar gong i  Lom og Skjåk 

Vi oppfordrar båe foreldre til å delta - men det er ikkje eit krav. 
Vi gler oss til å starte opp att med COS-P kurs!

Ta kontakt med helsestasjonen dersom du har spørsmål! 

Påmelding til:
Lom, Stine Brenna 976 67 746   
Skjåk, Eli Skjåk Teigum 902 41 735. 

Venleg helsing
Lom helsestasjon og Skjåk helsestasjon

Bildet er tatt av My pictures are CC0. When doing composings: fra Pixabay