Ledig 80% stilling i heimesjukepleia

Utsikt mot Lomseggen frå Øvergrend - Klikk for stort bildeUtsikt mot Lomseggen frå Øvergrend Ola Ø Rossehaug Pleie- og omsorgsavdelinga i Lom Kommune søkjer etter helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar i 80% stilling. Søknadsfrist 1. november 2021.

Pleie- og omsorgsavdelinga i Lom Kommune søkjer etter helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar i 80% stilling i heimesjukepleia frå 13. desember 2021 – 30.10.2022, med moglegheit for forlenging.

Arbeidstid etter gjeldande turnus med dag/sein/natt og arbeid kvar 3. helg, og ei hinkehelg i løpet av ein 12 vekers turnus.

Aktuelle arbeidsoppgåver

  • Heilheitleg oppfølging av pasientar, -herunder utføring av ulike prosedyrer knytt til oppfølging og behandling
  • Målretta miljøarbeid/personsentrert omsorg
  • Følgje rutiner og bidra til forbetringsarbeid
  • Sikring av god kommunikasjon og samhandling
  • Bruk av velferdsteknologi som ein naturleg del av tenesta
  • Tett samarbeid med andre tilsette, samt pårørande
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Bidra til opplæring og fagleg veiledning av kollegaer og lærlingar 

Kvalifikasjonskrav

  • offentleg godkjend helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar
  • evt. relevant vidareutdanning og/eller erfaring 
  • personar som har interesse for fag og fagutvikling.
  • gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • personleg eigna for stillinga

Fylgjande blir vektlagt:

  • fagleg dyktig og trygg i rolla
  •  evne til å samarbeide med kollegaer og tverrfagleg team, jobbe sjølvstendig, er strukturert og målrettet
  •  gode evner i kommunikasjon med pasientar, pårørande og kollegaer
  • vilje og evne til å lære
  •  være med på å skape et godt og trygt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Fagleg spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Høgt fagleg nivå på tenestene
  • Fagmøtetid i turnus
  • Dyktige og engasjerte kollegaer
  • Du får moglegheit til å arbeide i ei teneste med fokus på mellom anna velferdsteknologi
  • Kommunale tilsetjingsvilkår

Det er krav om godkjent politiattest. 
Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg. 

Kontaktperson

Avdelingsleiar Julianne R. Plassen: telefon 474 60 296 / e-post: julianne.ramstad.plassen@lom.kommune.no

Er stillinga noko for deg? Da vil vi gjerne høyre frå deg! Send inn ein elektronisk søknad innan 1. november 2021. 

Kontakt

Julianne Ramstad Plassen
Leiar heimebasert omsorg
Mobil 474 60 296