Ledig fast 50% stilling som undervisningsinspektør ved Loar skule

Live Andrea Sulheim

Loar skule er barneskulen i Lom kommune. Det er 162 elevar og 32 tilsette ved skulen dette skuleåret. Skulane i Lom har gode resultat, og vi arbeider mykje og målretta med skulemiljø. Hausten 2021 innførte skulane 1:1 iPad til alle elevar og tilsette.

Det er ledig fast stilling som undervisningsinspektør i for tida 50% med arbeidsstad Loar skule.

 

Vi ynskjer ein oppdatert, engasjert og utviklingsorientert undervisningsinspektør som er god på relasjonelt arbeid og oppteken av elevane sitt læringsutbyte. Inspektøren vil vere viktig i arbeidet med å utvikle undervisningspraksisen ved skulen og bidra inn i arbeidet med oppvekstreformen, kompetanseløftet med fokus på mellom anna inkluderande praksis og betre tverrfagleg samhandling.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Bidra til å vidareutvikle og kvalitetssikre læringsarbeidet ved skulen.
  • Bidra til å utvikle undervisningspraksisen i samband med skulen sine satsingsområde.
  • Bidra til å fylgje opp og støtte i skulemiljøsaker og kring spesialundervisning.
  • Ansvar for å vidareutvikle og kvalitetssikre SFO ved skulen.
  • Ansvar for timeplanlegging.
  • Ansvar for dagleg personaldisponering, til dømes fråværshandtering og handtering av sjukevikarar.
  • Andre leiaroppgåver etter avtale.

 

Kvalifikasjonar:

  • Formell utdanning som kvalifiserer for tilsetting og undervisning i grunnskulen.
  • Erfaring som kontaktlærar på barnesteget er ein fordel.
  • Leiarutdanning kan vere ein fordel, men er ikkje noko krav. Fordel med relevant leiarerfaring.
  • God og oppdatert kunnskap om læreplanen, samt vere generelt fagleg oppdatert.
  • Generelt god kompetanse i IKT og digitale verktøy.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.

 

Personlege eigenskapar:

  • Tør å vere tydeleg.
  • Har god evne til å skape relasjonar til elevar, føresette og tilsette.
  • Er utviklingsorientert og framoverlent.
  • Er ansvarleg og sjølvstendig, men også god til å samarbeide.
  •  Har evne til å takle ein hektisk arbeidskvardag.
  • Er strukturert.

 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

 

Løn etter kompetanse og ansiennitet.

 

Søkjarliste vil bli offentleggjort.

Det er krav om politiattest for stillingar i skulen.

 

Ved spørsmål, ta kontakt med

Rektor Solfrid Rindhølen

Telefon: 90 22 97 95

E-post: solfrid.rindholen@lom.kommune.no

 

Elektronisk søknadsskjema finn du på www.lom.kommune.no

Søknadsfrist 3.juni 2024

 

Alle bilete nedanfor: Live Andrea Sulheim

Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde

Kontakt

Solfrid Rindhølen
Rektor Loar skule
Mobil 902 29 795