Ledig vikariat lønsavdelinga

Vil du bli medarbeidar i ein gjestfri og nyskapande kommune?

I Støttefunksjonen er det frå i haust ledig eit vikariat på løningskontoret. Støttefunksjonen inneheld avdelingar som økonomi, løn, personal og IKT.

Vi har no behov for ein utviklingsorientert og dyktig medarbeidar med vilje og evne til å arbeide mot kommunen sine felles mål og satsingsområde. Og vi ynskjer ein person som har gode samarbeidsevner og som er personleg eigna for stillinga. 

Det blir kravd at den som blir tilsett er løysingsorientert, offensiv og inkluderande i sitt arbeid, både i høve til kollega, brukarar og samarbeidsparter.

 

 

100% vikariatstilling som konsulent løn

Arbeidsoppgåver vil blant anna vere;

  • - Ansvar for lønsarbeid
  • - Oppfølging av sjukepengar
  • - Oppfølging i forhold til lover, forskrifter og avtaler
  • - A-ordning
  • - Innrapportering av pensjon, skatt og avgifter

Andre arbeidsoppgåver kan bli tillagt eller falle bort frå stillinga.

 

Kvalifikasjonar;

  • - Det er ynskjeleg med økonomisk-/administrativ utdanning frå høgskule eller som fagarbeidar
  • - Erfaring kan erstatte formell utdanning
  • - God skrifteleg framstillingsevne
  • - Ynskjeleg med erfaring frå løningsarbeid
  • - Ynskjeleg med kjennskap til kommunal forvaltning og fagsystemet Visma Enterprise

Personlege eigeskaper vil bli lagt vekt på.

 

Stillinga er ledig frå dags dato.

 

Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å ta kontakt med fagleiar løn og økonomi Ingunn Hanne Eide, telefon 48 16 55 39 eller leiar Støttefunksjon Åste Einbu Gudbrandsen, telefon 48 16 55 37.

 

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju, og namnet på søkjarane vil bli gjort offentleg.


Elektronisk søknad finn de her

Søknadsfrist: 25.09.19