Ledig vikariat ved Lom Arbeidssenteret

Lom kommune har ledig 52% vikariat i 1 år ved Lom Arbeidssenter frå dags dato.
Stillinga kan eventuelt kombinerast med helgestilling, for auka stillingsprosent

Lom arbeidssenter gjev arbeids- og aktivitetstilbod til menneske med ulike bistandsbehov.
Vi legg stor vekt på eigenutvikling, trivsel og meistring.
Arbeidssenteret er oppe måndag, tysdag og torsdag.

Arbeidsoppgåver:
Dagleg drift av Arbeidssenteret. Dette inneber planlegging og tilrettelegging av tilpassa arbeidsoppgåver for den einskilde. Ansvar for innkjøp og sal.
Stillinga er knytt til Miljøarbeidartenesta og samarbeider tett med dei tilsette der.

Vi søkjer ein person som:

  • Er utdanna vernepleiar, pedagog eller fagarbeidar
  • Har erfaring frå arbeid med målgruppa
  • Kan arbeide sjølvstendig
  • Er kreativ og nyskapande i høve tilrettelagte arbeidsoppgåver
  • Har kunnskap om ulike formgjevingsteknikkar
  • Kan vera med å vidareutvikle Arbeidssenteret mellom anna i høve eksterne oppgåver og samarbeidspartar

Til alle stillingar er det krav om gode norsk-kunnskapar, samt at personleg eignaheit og gode samarbeidsevner vil bli vektlagt.

Ved internt opprykk kan andre stillingsstorleikar bli ledige.

Kontaktperson: Elisabeth Odden. Tlf: 482 65 401

Søknadsfrist: 01.juni 2022 

Du skal nytte elektronisk søknadsskjema som du finn her.

Namnet på søkjarar vil bli gjort offentleg.