Leigekøyringsløyve for snøskuter 2021-2023

Klikk for stort bilde Ola Vaagaasarøygard   

Samfunnsutvalet i Lom kommune gjorde 15.02.2021 følgjande samrøystes vedtak i sak 2021/4 Leigekjøringsløyve for snøskuter 2021 – 2023:

Med heimel i Forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag § 5 a) blir nye leigekjøringsløyve for snøskuter i Lom kommune tildelt for perioden 2021 – 2023:

1. Bøverdalsområdet: Joar Slettede

2. Meadalen – Soleggen – Sålell: Ole Ivar Skaansar

3. Nordsetrene – Tesseområdet: Brimi Fjellstugu v/ Vegard Brimi

4. Liafjellet – Finndalen: Kjetil Sveine

5. Frå Skjåk grense til Honnsjoen – Finndalen: Rolv Kjeka


Reserveløyve – om den faste kjøraren ikkje er ledig for oppdrag :

  • for område 4 og 5: og Kjell Olstad
  • for heile kommunen: Eilev Hellekveen

 

Leigekjøringsordninga har heimel i motorferdselforskrifta § 5 a), og omfattar m.a.:

- transport mellom bilveg og privat hytte,

- tilsyn med hytte etter oppdrag frå eigar,

- transport i samband med reportasjeoppdrag.

 

Om du har behov for snøskutertransport for slike formål – ta kontakt med leigekjørar for området.