Lurar du på når du skal teste deg? Eller om du kanskje bør teste deg?

Klikk for stort bildeNøl ikkje med å ringe koronatelefonen dersom du trur du bør testast. Ring heller ein gong for mykje enn ein gong for lite.  

For å stoppe viruset, så veit du at du må ha god hand- og hostehygiene, halde avstand og halde deg heime om du er sjuk. I tillegg er det viktig at du testar deg dersom du kjenner på koronasymptom.  

Legekontoret har god kapasitet på testing, så ikkje nøl med å ta kontakt (481 65 519) dersom du lurar på om du bør testast.  

Du har kanskje høyrt at det er ubehageleg og vondt å teste seg, men for dei aller, aller fleste så går denne testinga heilt smertefritt - og det er gjort på stutt tid. Det er altså ikkje noko du treng å kvie deg for. Testen er og gratis.

Kven bør teste seg for koronavirus? 

helsenorge.no finn du ei god oversikt over kven som bør teste seg, samt kva for symptom du skal vere litt observant på. 

Symptoma kan opplevast å vere diffuse, så i staden for å ta avgjerda på om du skal testast eller ikkje sjølv, så ring koronatelefonen (481 65 519) slik at du får hjelp til å ta vurderinga.  

Det er aukande smitte i Norge og Innlandet, og kvar enkelt av oss må vere ekstra varsame! Vi veit du har høyrt det mange gonger nå, men likevel, vi treng ei ekstra påminning i ny og ne alle saman.

Ta godt vare på kvarandre og ha ei fin veke! 

Helsing kriseleiinga i Lom kommune