NGR køyrer ut avfallsdunkar til hushaldningar i Lom

NGR startar å køyre ut dunkar til hushaldsabonnentar i Lom i veke 39. Utkøyringa er venta å vare i 2-3 veker.

Kommunane og NGR innfører kjeldesortering av matavfall frå 1. januar 2025. Frå same dato skal det brukast dunkar for oppsamling av matavfall og restavfall i alle dei 6 kommunane i Nord-Gudbrandsdal.

Alle abonnentar vil få 1 dunk til matavfall og 1 dunk til restavfall. Dunk til matavfall er på 140L og har grønt lok. Storleiken på dunk for restavfall vil følgje den gebyrgruppa som abonnenten har valt. Abonnentar med standardgebyr vil få ein dunk på 240L, abonnentar med minstegebyr vil få ein dunk på 140L, og abonnentar med utvida gebyr får ein dunk på 360L. Dunk til restavfall har lok i mørk grå farge (same farge som dunken). Saman med dunkane vil abonnentane få distribuert ein rull med posar til matsortering og ein rull med blanke plastsekkar til oppsamling av hushaldningsplast.

Ta vare på dunkane og ta inn posane som følgjer med. Dunkar for matavfall og restavfall skal ikkje takast i bruk før 1. januar 2025.

NGR kjem attende med informasjon om sortering, plassering av dunkar på hentadagen, m.m. Det vil ikkje bli distribuert grå sekkar til restavfall for 2025. For resten av 2024 skal grå sekkar som er distribuerte tidlegare nyttast.

Ordninga med blanke plastsekkar for hushaldningsplast held fram som i dag.

Kontakt transportleiar Knut Stene for meir informasjon. 
E-post: knut.stene@ngr.no, eller telefon 903 68 309. 
Sjå også NGR sine nettsider, www.ngr.no.

 

pixabay