Norge går over til ein normal kvardag!
Regjeringa har vedteke at Norge går over til ein normal kvardag med auka beredskap, laurdag 25. september, kl. 16:00.
Når vi går over til ein normal kvardag, blir alle restriksjonar innanlands fjerna, med unntak av kravet om å gå i isolasjon om du blir sjuk med covid-19.
- Meteren gjeld ikkje lenger. Nå kan du vere saman med andre på same måte som tidlegare
- Det er ikkje lenger begrensing på kor mange som kan vere saman på arrangement.
- Det blir slutt på krav om bordservering og innsleppsstopp.
Sjølv om vi går attende til ein normal kvardag, bør vi halde oss heime og teste oss om vi blir sjuke, samt halde fram med å ha ekstra god hand- og hostehygiene.
Les meir informasjon om kva for reglar som gjeld på regjeringen.no
Ha ei GOD helg!
Publisert 24.09.2021 15.45