Oppdag kulturskulen - smitteverntiltak under framsyningar 5. desember

Har du tenkt deg på ein av Lom og Skjåk kulturskule sine framsyningar 5. desember? Les dette! 

Til deg som skal vere publikum på Lom og Skjåk kulturskule sine framsyningar sundag 5. desember i Utgard: 

Smittevern

  • Alle må nytte munnbind ut og inn av kultursalen. Du treng ikkje munnbind når du sit i ro i salen. Hugs å ta med deg munnbind frå heime.
  • Det vil vere plass til maks 100 publikum per framsyning. Framsyning 2 er snart full så ynskjer du billett her må du vere rask.
  • Rad og seteplass du har på din billett vil ikkje gjelde. Du set deg saman med din kohort og har ein seteplass ledig mellom deg/dykk og andre som ikkje er i same kohort. Du set deg difor der du vil/der det er ledig plass. På framsyninga kl. 12.00 er rad 1,2 og delar av rad 3 reservert til minikarusell. Utanom desse plassane kan du og din kohort sette dykk der det er plass.
  • Er du sjuk eller har mistanke om at du kan vere smitta  kan du ikkje kome på framsyning. Har du kjøpt billett kan du få denne refundert ved å kontakte Utgard på e-post: monika.oyen@lom.kommune.no 

Hjelp oss gjerne med å spreie denne informasjonen til andre som har tenkt seg på dette arrangementet!