Overføring/etterregistrering av informasjon til koronasertifikat

Klikk for stort bilde www.fhi.no Koronasertifikatet viser om du er vaksinert, om du er immun etter å ha hatt covid-19-sjukdom, og resultatet viss du har negativ koronatest.

Overføring av informasjon til koronasertifikat blir berre tilbode desse gruppene:

  1. Bebuarar registrert som busett i Lom kommune, og som har fått vaksine på studiestad eller midlertidig bustad i utlandet.
     
  2. Personar som er vaksinert i utlandet og som arbeider hjå arbeidsgjevar registrert i Lom kommune.

Vi har ikkje kapasitet til å gjere dette som service til andre tilreisande.

Reglar og takstar:

  1. Koronatest teke etter rekvisisjon av lege OG som legen finn medisinsk indisert går som nå.
     
  2. Koronatest som blir utført etter ynskje for verifikasjon i samband med aktivitetar som krev slik test krev ikkje rekvisisjon frå lege. Test kan avtalast med sekretær.
     
    1. Slik test blir berre utført på ordinær tid etter legesenterets rutiner.
    2. Slik test blir ikkje dekt av HELFO, og må i si heilheit betalast av den som blir testa.
    3. Arbeidsgjevar er ansvarleg for betaling av test som krevast av tilsette for å tilfredsstille krav etter koronaforskriftene.
    4. Betalinga går i si heilheit til Lom Kommune, anten gjennom automat på legesenteret eller som faktura med fakturagebyr.
    5. Prisen per test er 550 kroner. Ved ynskje om hurtigtest er prisen 750 kroner.
    6. Kostnadane kan ikkje førast på eigenandelskortet. 
       
  3. Overføring av informasjon frå elektroniske koronasertifikat som er godkjent av Norge til SYSVAK og norsk koronasertifikat kan oftast gjennomførast etter e-konsultasjon.
     
    1. Tid for dette avtalast på vaksinasjon@lom.kommune.no
    2. Prisen for å gjennomføre slik overføring er 750 kroner.
    3. Betalinga går i si heilheit til Lom Kommune, anten gjennom automat på legesenteret eller som faktura med fakturagebyr.
    4. Kostnadane kan ikkje førast på eigenandelskortet.
       
  4. Overføring av informasjon frå elektroniske koronasertifikat som ikkje er godkjent av Norge, eller av prøveresulatar eller anna medisinsk informasjon til SYSVAK og norsk koronasertifikat krev personleg frammøte. Overføring av informasjon som ikkje er elektronisk, og frå ein originalkilde, gjennomførast berre dersom det føreligg signert originaldokumentasjon
     
    1. Tid for dette avtalast på vaksinasjon@lom.kommune.no
    2. Prisen for å gjennomføre slik overføring er 1250 kroner.
    3. Betalinga går i si heilheit til Lom Kommune, anten gjennom automat på legesenteret eller som faktura med fakturagebyr.
    4. Kostnadane kan ikkje førast på eigenandelskortet.