Prosjektstillingar NAV - oppvekstreforma

Ynskjer du å utvikle gode tenester for innbyggarane i Nord-Gudbrandsdalen, knytt til oppvekstreforma?

Då må du søkje på desse stillingane.

NAV-Kontora i Nord- Gudbrandsdalen har ledig to felles prosjektstillingar, som vil arbeide tett. Prosjektet varar i tre år, og kontorstad er fleksibel. Vi ynskjer at du kan starte så raskt som mogleg.

Prosjektet tek sikte på å utvikle verktøy, gode metodar og å styrke Nav si forebyggande rolle i arbeidet med oppvekstreforma, med overføringsverdi til andre instansar i kommunen.

 

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for å drifte - og vere ein pådrivar og utviklar av prosjektet.
  • Kartlegging og samhandling med andre aktørar/tenester i kommunane.
  • Utarbeide metodar, materiell og verktøy som kan bli nytta tverrfagleg til å sikre gode oppvekstvilkår for barn og unge i Nord-Gudbrandsdalen
  • Rapportere til styringsgruppa.
  • Gjennomføre informasjonsmøte og samarbeidsmøte til samarbeidspartar.
  • Bruke media og sosiale media til å informere om prosjektet.

Kvalifikasjonar:

  • 3-årig relevant utdanning frå høgskule/universitet (bachelor).
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet.
  • Vere sjølvstendig og ha evne til å skape eiga framdrift i prosjektet.
  • Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • God IT-kompetanse.

Vi vektlegg at du:

  • Har evne til å arbeide målretta, nøyaktig og effektivt.
  • Har evne til å byggje nettverk og samhandle med andre.
  • Er sjølvstendig i planlegging, drift og gjennomføring av eigen arbeidskvardag.
  • Er engasjert, nytenkande og ser mogelegheiter.
  • Har god kommunikasjonsevne.
  • Er fleksibel, initiativrik og omstillingsdyktig.

Må ha førarkort, og personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Vil du veta meir om NAV - gå inn på nav.no.

Spørsmål kan rettast til

Magnhild Vole, leiar NAV Vågå 917 55 478 // magnhild.vole@nav.no

Ketil Størseth, leder NAV Lesja-Dovre 95776302 // ketil.storseth@nav.no

 Søknadsfrist: 24. mai 2024

 Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema
Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.