Reglar og tilrådingar i samband med koronaviruset - oppdatert 14.01.2022

Torsdag 13. januar, hadde regjeringa pressekonferanse om oppdaterte smitteverntiltak. Vidare finn du ei stutt oppsummering. Ei fullstendig oversikt finn du på helsenorge.no

 Dei nasjonale tiltaka

Avstand og sosial kontakt

  • Alle bør halde 1 meter avstand til andre enn husstandsmedlemmar og tilsvarande nære.
  • Ein bør ikkje ha fleire enn 10 gjestar heime ut over eigen husstand.
  • Reduser antal nærkontaktar, men ikkje isoler deg. Treff andre utandørs når det er mogleg.  

Munnbind

  • Bruk munnbind når det er vanskeleg å halde minst 1 meter avstand.
  • På følgande stadar er det påbod om munnbind:
    butikkar, kjøpesenter, serveringsstadar, kollektivtransport, taxi og innandørs stasjonsområde. Påbodet gjeld og arrangement, bibliotek og museum, samt hjå frisørar og andre ein-til-ein-verksemder.
  • Munnbindpåbodet gjeld ikkje medan ein sit ved eit bord på serveringsstad.

Heimekontor

  • Det er påbod om at alle som kan ha heimekontor skal ha heimekontor.
    Midtgard vil derfor framleis vere stengt.
    Sentralbordet (61 21 73 00) er ope på kvardagar kl. 10:00-14:00

Skjenkestopp

  • Det er skjenkestopp frå kl. 23:00
  • Skjenking skal skje ved borda

Registrering av besøkande

  • Med unntak av bibliotek, butikkar og kjøpesenter skal verksemder registrere kontaktopplysningar til dei gjestane som samtykker til det.

Organiserte fritidsaktivitetar

  • Organiserte fritidsaktivitetar bør gjennomførast ute så langt det er mogleg.
  • For barn og unge under 20 år kan utandørs aktivitet gjennomførast som normalt. Innandørs bør ein halde seg til grupper på omtrent 20 personar eller etter klasse/kohort.
  • For vaksne over 20 år bør ein halde seg til maks 20 personar ved innandørs aktivitet, og halde 1 meter avstand. Ved intensiv trening bør ein halde 2 meter avstand.
  • Utandørs aktivitetar for vaksne kan gjennomførast som normalt.

Skule, barnehage og SFO

  • Barnehagane og skulane i Lom kommune går attende til grønt nivå frå måndag 17. januar.

Arrangement og samankomstar

Testing og karantene

  • Hald fram med å ha låg terskel for å teste deg. Koronatelefonen (481 65 519) er ope på kvardagar frå 09:00-15:00 (10:00-14:00 i jula).

    Sjøvtestar er ein avgrensa ressurs og Lom kommune fylgjer sentrale føringar for prioritering av sjølvtestar. Sjølvtest kan hentast i gangen på Lom Helsesenter for dei som er prioriterte. Vi oppmodar sterkt om at folk respekterer denne.

    Sjølvtest kan også kjøpast på apoteket.

 

Dette er ikkje ei utfyllande oversikt over dei nye smitteverntiltaka. Ei totaloversikt finn du på helsenorge.no.
Du kan lese regjeringa si pressemelding her.