Samdrift av legekontora i Lom og Skjåk i veke 27-32

Klikk for stort bildeTenesteleiar Tonje Lien Barkenæs Eggen og kommunalsjef Inger Helene Brandsar samarbeidar om felles drift av legekontor for Skjåk og Lom. Legekontora i Lom og Skjåk har denne sommaren samdrift i veke 27-32, gjennom å samle personalet ved eitt kontor. Dette gjer vi for at begge kommunane skal ha ei forsvarleg legeteneste gjennom sommaren.

Samla sett har tenestene i Lom og Skjåk noko redusert kapasitet samanlikna med normal sommardrift. Når det er mange pasientar som ynskjer hjelp må legane prioritere ut frå medisinsk hastegrad, og at det mest alvorlege vert behandla først.

Pågangen frå pasientar og legedekning vil variere i sommar. I løpet av den første veka har det vore nokre dagar med stor pågang, og nokre dagar med normal pågang. Dette er ei ordning for innbyggjarane i Lom og Skjåk, og personalet gjer mange tiltak for at dette skal vere eit godt tilbod. Ventetida er ei utfordring nokre dagar. Legekontoret minner om at ein ved akutte og alvorlege hendingar skal ringe 113.

Les meir om kvifor det er samdrift desse vekene.

Legekontor veke 27-32: 

Tlf: 61 21 72 00
Adresse: Krokamyrvegen 18, 2686 Lom

Opningstid skranke: 
08:00-11:30, 12:00-15:30

Telefontid resepsjonen: 
08:00-11:30, 12:30-15:00

Koronatelefon:
09:00-15:00 måndag-fredag
Sjå eigne tider på helg.

Legevakt utanom kontortid

Tlf: 116 117

Ambulanse

Tlf: 113