Snøskred i Vikedalom

Oppdatering kl 18:16
Vellykka sprenging. Vegen er ope! 
---
Det har gått eit snøskred over RV15 v/Knutstugu (ca 3 km frå Lom sentrum i retning Skjåk). 
Det er ikkje meldt om at bilar eller personar er teke av skredet.   

Snøskred i Vikedalom Skjermdump frå Statens vegvesen  

Oppdatering kl 18:16
Vellykka sprenging. Vegen er ope! 

Oppdatering kl 15:27
Vegen vil bli opna nå. Dei vil sleppe gjennom 5 og 5 bilar. 
Det vil bli vurdert om det skal sprengast for å få ned meir snø. Da vil eventuelt vegen bli stengt att. 

Oppdatering kl 13:04 
Det er fortsatt usikkert når riksveg 15 kan opnast att. 
Geolog har undersøkt området, entreprenør har starta det omfattande ryddearbeidet. 

Oppdatering kl 10:11
Politiet Innlandet melder om at søket er avslutta. Ingen funn av personar eller bilar. Rv 15 er stengt på staden. Rasområdet vil bli undersøkt av geolog før rydding av vegen startar. Geolog er venta til området ca kl 11:00. 

Oppdatering kl 09:41
Vegen er stengt inntil vidare. Geolog må sjekke området før arbeid med opning av vegen att kan starte. 

Oppdatering kl 08:48  
Skredet skjedde 2-3 km vest for Lom sentrum, ved Knutsstugu. 
Skredet er 50-100 meter breitt og 1,5 meter høgt. 
Ikkje noko tyder på at folk eller bilar har vorte teke. 

Oppdatering kl 08:09
Det har gått eit snøskred kl 07:11, over RV15 v/Knutstugu (ca 3 km frå Lom sentrum i retning Skjåk). Redningsmannskap er på staden. Det er ikkje meldt om at bilar eller personar er teke av skredet. Vegen er stengt. 

Brotkanten, snøskred i Vikedalom Lom kommune