Sommarjobb

Ser du etter sommarjobb? 

Klikk for stort bilde

Her finn du ei oversikt over nokre sommarjobbar i Lom. 
Oversikta vil bli oppdatert fortløpande. Huks å sjå på søknadsfristene! 
Sjå også Visit Jotunheimen si samleside for sommarjobbar. 

 

SKOGSTAD SPORT SØKJER ETTER BUTIKKMEDARBEIDAR/EKSTRAHJELP  
Skogstad Sport i Lom søkjer ein positiv, engasjert og serviceinnstilt medarbeidar i sommar. 
Er dette deg? Send ein søknad til butikksjef Liv Turtum: liv.turtum@skogstadsport.no

Søknadsfrist er snarast, så berre kast deg rundt og send ein søknad! 

 

SMAK I LOM
Smak i Lom søkjer 1-3 positive og serviceinnstilte medarbeidarar i sommar. Både du som er under og over 18 år kan søkje. 

Er dette deg? Send ein søknad til Lise Marie Frøise: post@smakilom.no 

 

LOM KOMMUNE 
Lom kommune treng to serviceinnstilte og sjølvstendige ungdomar til å vere parkeringsvakter i sommar. 
Dersom dette er deg, sender du ein enkel søknad til vikarierande næringssjef Rønnaug Nyrnes: ronnaug.nyrnes@lom.kommune.no

Søknadsfrist er 10.06.2019

 

VESLEØYGARD
Iselinn Vesleøygard leier ut ei hytte i Bøverdalen (like ved Elveseter turisthotell). Ho treng fleksibel vaskehjelp som kan starte 1. juni. Gjerne 18 år eller eldre. 
Send ein enkel søknad til: iselinn@vesleoygard.no