Spesielle miljøtiltak i Landbruket – SMIL-midlar

Formålet med SMIL-ordninga er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap, samt å redusere forureininga frå jordbruket, utover det som er forventa gjennom vanleg landbruksdrift. Eit viktig siktemål med ordninga er å få til ein meir målretta innsats med utgangspunkt i lokale behov, utfordringar og målsetjingar.

Det kan søkjast tilskot til:

Kulturlandskapstiltak
Planleggings- og tilretteleggingstiltak
Forureiningstiltak

Kven kan søkje?

  • Eigarar av ein landbrukseigedom så lenge det føregår produksjon på eigedommen som gir rett til produksjonstilskot
  • Tiltaket må vere knytt til ein registrert landbrukseigedom. Dersom søkjar er ein annan enn eigar av landbrukseigedommen, må eigar gje løyve til gjennomføring av tiltaket
  • Søkjar må ha gjødslingsplan og journal over plantevernmiddel, samt kart over eid og leid jordbruksareal som føretaket disponerer. Kulturminner, områder som er viktige for biologisk mangfald, areal med risiko for tap av jord og næringsstoffar og andre forhold av miljømessig betyding skal være kartfesta og skildra.
  • Tiltak skal ikkje vere starta opp før tilskot blir innvilga.



Søknadsfristen for SMIL- midlane er 1. juni kvart år.

Om det er att midlar seinare på året, kan det komme ny utlysing på hausten.

 

Meir om SMIL-ordninga finn du her: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/spesielle-miljotiltak/om-tilskudd-til-spesielle-miljotiltak-i-jordbruket

 

Søknadsskjema: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/spesielle-miljotiltak/hvordan-soke/skjema

Kontakt: Kari Hånsnar e-post: kari.hansnar@skjaak.kommune.no Tlf 99162602

Kontakt

Kari Hånsnar
Kulturkonsulent
Mobil 991 62 602