Status frå kriseleiinga 15.juni 2021 - ein ny smitta, kjent smitteveg

Klikk for stort bildeKommunen fekk stadfesta ein ny smitta i dag, 15. juni. 

Status 15. juni 2021: 

Lom kommune fekk stadfesta ein ny smitta i dag, det er kjent smitteveg og vedkomande sat i karantene frå før. 

Totalt er det 2 stadfesta smitta i Lom, og 2 nærkontaktar i karantene. 

 

Status 9. juni 2021: 

Smittesituasjon:
Kommunen har ikkje fått stadfesta fleire smitta dei to siste dagane. Det betyr at det framleis berre er ein stadfesta smitta i Lom. Antal i karantene er 9 personar. Ventekarantene er oppheva.

Vaksinasjon:
Totalt har 847 innbyggjarar fått 1. dose med koronavaksine, og 647 har fått 2.dose.

 

Status 7. juni 2021: 

Lom kommune har i løpet av helga fått stadfesta 1 smitta ved hurtigtest.

Dette har ført med seg 13 nærkontaktar som er sett i karantene, samt ein del i ventekarantene i påvente av prøvesvar. 

Smitta er knytt til Juvasshytta og det er kjent smitteveg. 

Smittesporingsarbeid pågår og kommunen kjem attende med meir informasjon fortløpande.