Steinraset i Bøverdalen - oppdatert måndag kl. 08:40

Her finn du oppdateringar knytt til steinraset i Bøverdalen 7. september. 

Måndag 12.09.2022

Status kl. 08:40

Fylkeskommunen startar arbeid med rydding av rasområdet i dag. Det blir redusert framkommelegheit og manuell dirigering. 

Sundag 11.09.2022

Status kl. 08:40

Fiberen er reparert.

Laurdag 10.09.2022

Status kl. 18:47

Telenor (med entreprenøren Oneco) startar reparasjon av skaden på fiberen i kveld.
Det er uvisst når arbeidet er ferdigstilt, da ein ikkje veit kor omfattande skaden er.

Status kl. 15:50 - vegen er open

Vegen opna 15.50 i dag. 
Det er ei køyrebane, og redusert fart.

Det er planlagt etterarbeid med manuell dirigering og periodevis stenging tysdag 13.09.2022. 

Fredag 09.09.2022

Status kl. 21:30 

Det står framleis att arbeid med å sikre rasområdet. Arbeidet fortsett i morgon. 

Status kl. 18:00

Steinblokka er nå sprengt ut. Området skal sjekkast før rydding av vegen startar. Kommunen oppmodar folk til å IKKJE reise for å vere tilskodarar. Sperringar må respekterast.

Status kl. 12:30 

Arbeid i rasområdet pågår framleis. 
Når det gjeld skilting og informasjon om stengt veg har kommunen teke opp dette med fylkeskommunen som er vegeigar. Har du viktig trafikkinformasjon til dømes om manglande skilting av veg, ring telefon 175.   

Kriseleiinga vil ha eit nytt møte seinare i dag, og vil da kome attende med oppdatert status. 

Kommunen minner og om at dersom du treng medisinar eller anna livsnaudsynt utstyr, vil kommunen bidra med hjelp til å få frakta dette. Ta kontakt med servicetorget i Lom kommune på telefon 61 21 73 00.

Telefonnummer servicetorg: 61 21 73 00.
Opningstid: 08:00-15:30 

Etter opningstid kan du ringe teknisk vakt på telefon 971 53 580

Torsdag 08.09.2022

Status kl. 20:00

Arbeidet er avslutta for i dag, og tek til att i morgon. 
Les meir utfyllande informasjon frå status kl. 16:00 nedafor. 

Kommunen kjem attende med meir informasjon i morgon. 

Status kl. 16:00

Fjellsikrarar driv framleis på for å sikre rasområdet. Dei skal arbeide fram til kl. 20:00 i kveld.
Fylkeskommunen jobbar hardt for at vegen så snart som råd skal opne, men arbeidet i fjellsida er krevjande.

Lom kommune ynskjer å presisere at akuttberedskap er på plass.
Dei som treng heimesjukepleiar er ivareteke, og tryggleiksalarmar fungerer som normalt.

Kriseleiinga skal ha nytt møte kl. 20:30 i kveld og vil kome attende med oppdatert status att etter det.

Kommunen minner og om at dersom du treng medisinar eller anna livsnaudsynt utstyr, vil kommunen bidra med hjelp til å få frakta dette. Ta kontakt med servicetorget i Lom kommune på telefon 61 21 73 00.

Status kl. 12:00 

Sikringsarbeid i rasområdet pågår. 

Stigen mellom Mundhjeld og brua ved Røisheim kan av sikkerheitsmessige årsakar bli stengt for ein periode, når kontrollert løysing av steinblokk eventuelt skjer. Per kl. 12 er det usikkert om steinblokka let seg løyse ut. 

Telenor melder at dei har kontakt med alle telefonmaster, og at dekning ikkje er råka av hendinga. 

Kriseleiinga skal ha nytt møte i ettermiddag, og ny statusoppdatering kjem etter dette.

Status kl. 09:00

Befaring i rasområdet pågår.

Det er skade på fiberen og kommunen er i kontakt med fiberselskap. Så snart området er sikra vil fiberselskapet dra inn i området og starte utbetring.   

Onsdag 07.09.2022

Status kl. 20:00

Geolog har vore på staden og funne ei steinblokk i lia som må sikrast eller fjernast før vegen kan ryddast. Fylkesveg 55 ved Røisheim er derfor stengt inntil vidare. Det kan ta fleire dagar før vegen opnar att. Det blir gjort ny vurdering av steinblokka i morgon.

Det er ingen omkøyringsveg på strekninga, men det er mogleg å gå på andre sida av elva frå Mundhjeld og ned til brua ved Røisheim.

Ungar som går i barnehage og elevar ved skulane i Lom som er berørte er ivareteke.

Folk som treng heimesjukepleiar er og ivareteke, og tryggleiksalarmar fungerer som normalt.

Kommunen har beredskap på plass ved akutte situasjonar.

Dersom du treng medisinar eller anna livsnaudsynt utstyr, vil kommunen bidra med hjelp til å få frakta dette. Ta kontakt med servicetorget i Lom kommune på telefon 61 21 73 00.

Status kl. 15:00

Kommunen har vore i kontakt med politiet og fått stadfesta at det nå er geolog på staden. 
Elles har kommunen god kontroll, og ulike tenester som innbyggjarar har behov for frå kommunen er ivareteke.
Fritidsklubben er ope for ungdom som ikkje kjem seg heim att etter skulen i dag. 

Kommunen held seg til politiet i det vidare arbeidet, og oppdaterer så fort ny informasjon føreligg. 

Status kl. 13:00

Det er prat om eit mindre ras som har gått. Det er usikkert kva tid vegen opnar opp att. Kommunen jobbar med å løyse logistikken knytt til heimesjukepleie og skule og barnehage. Berørte er varsla direkte.

Kommunen kjem attende med meir informasjon. 

Nyttige lenker