Stillingar i barnehagane i Lom

Barnehagane i Lom treng fleire tilsette, både pedagogar og assistentar. Det er aktuelt både no framover våren og for barnehageåret 2024/2025.

 

Det kan bli både faste og mellombelse stillingar.


Vi søkjer tilsette som

  • er rause og sensitive
  • har gode samarbeidsevner og er fleksible
  • sikrar og støttar eit trygt og godt barnehagemiljø
  • byggjer gode og trygge relasjonar
     

Personlege eigenskapar blir vektlagt.

 

Kvalifikasjonskrav


For stillingane som pedagog er det krav om godkjent barnehagelærarutdanning eller anna relevant utdanning.
For assistentstillingane er det ynskjeleg med fagutdanning som barne- og ungdomsarbeidar, men anna relevant utdanning og erfaring vil også bli vurdert.

 

Lom har to kommunale barnehagar
Loar barnehage ligg i Lom sentrum, rett ved barneskulen og Presthaugen. Loar har 4 avdelingar, og har  omgjevnader med naturen tett på. Her er det mange moglegheiter i og utanfor barnehagens område. 
Garmo barnehage ligg 15 km aust for Lom sentrum, og held til i lokala der Garmo skule var tidlegare.  Garmo barnehage har 2 avdelingar dette barnehageåret. Barnehagen har skogen og naturen tett på, samt stort og godt leikeareal ute. Inne er det  stor og god plass, samt eigen gymsal.

Barnehagane samarbeider tett og personalressursane blir sett samla.

 

For meir informasjon, kontakt:
Styrar Garmo barnehage: Mariann Helstad, tlf  97 70 05 84, e-post : mariann.helstad@lom.kommune.no
Styrar Loar barnehage: Magnhild Beate Galde, tlf  46 92 13 94, e-post: magnhild.beate.galde@lom.kommune.no 
 

Søknadsfrist 3. mars 2024

 

Høyrest dette spennande ut?

Send inn ein elektronisk søknad seinast 3. mars 2024

  • Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. 
  • Namnet på søkjarar vil bli gjort offentleg.  
  • Godkjent politiattest skal synast fram før tilsetjing (ikkje eldre enn 3 mnd)

 

Vi ser fram til å høyre frå deg!
 

 

Fotograf alle bilete nedanfor: Live Andrea Sulheim

Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde

Kontakt

Mariann Helstad
Konstituert styrar Garmo barnehage
Magnhild Beate Galde
Styrar Loar barnehage
Mobil 469 21 394