Tilskot til inkludering av barn og unge - utlysing for 2022

 I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2022 er det satt av midlar til tilskotsordninga Inkludering av barn og unge med søknadsfrist 17. desember.

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til mestring og samfunnsdeltaking. 

Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. 

Målgruppa er barn og unge i alderen 0 til og med 24 år som av ulike årsakar står i fare for å hamne i utanforskap. 

Desse kan søkje: 

  • Tilskot kan tildelast offentlege instansar, friviljuge organisasjonar og private aktørar.
  • Enkeltpersonforetak eller privatpersonar kan ikkje søkje.

For at friviljuge organisasjonar, private aktørar eller offentlege instansar skal kunne søke om tilskot frå denne ordningen, må kommunen ha meldt seg på ordninga. Dette har Lom kommune gjort og vi oppmodar sterkt friviljuge organisasjonar, private aktørar og offentlege instansar til å nytte seg av ordninga.  

NB! Søknadsfristen er allereie 17. desember!

Les meir om ordninga på bufdir.no