Vaksineleveransene går som normalt gjennom heile sommaren

Klikk for stort bilde www.fhi.no  Vi gjer deg oppmerksam på at du kan bli kalla inn til vaksinasjon i sommarferien.

Lom kommune er førebudd og har beredskap for ei oppskalering av vaksinasjon i juni, juli og august med bakgrunn i ei forventa auke av leveranser til landet desse månadane.

Det blir altså vaksinering i Utgard kvar onsdag gjennom heile sommaren, og vi gjer deg oppmerksam på at du kan bli kalla inn til vaksinasjon i sommarferien.

Meir informasjon om vaksinasjon finn du på kommunens temaside for vaksinasjon.

Status vaksinasjon:

Per 28.04.2021 er det 650 innbyggjarar har fått 1. dose med koronavaksine, 188 har fått 2.dose.