Velkomen til ei triveleg førjulshelg 27.-29. november

Det nærmar seg 1. sundag i advent, og med det så ynskjer vi å få til ei triveleg førjulshelg 27.-29. november.

I samarbeid med Kyrkjekontoret, Lom folkebibliotek, Lev i Lom og Visit Jotunheimen planlegg kommunen mellom anna juletretenning og utdeling av kulturprisen på Tor Jonssons plass fredag 27. november, og ljosmesse, fakkeltog og lesestund sundag 29. november.

Det kan sjølvsagt skje at vi må avlyse på kort varsel, men vi kryssar fingre for at vi framleis har kontroll på smitta i kommunen og at vi kan gjennomføre. For at dette skal bli trygt for oss alle, er det særs viktig at du hjelp oss med smittevern: At du held god avstand til andre, at du har god hand- og hostehygiene og at du held deg heime om du er sjuk.

Nissen sendte eit brev til kommunen og sa at han ynskjer å kome - sidan vi har så snille ungar i Lom - men han er veldig redd for å få korona. Derfor tek vi atterhald om pakkeutlevering, men gjer det vi kan for å finne ei god løysing på dette. 

Program for førjulshelga: 

Klikk for stort bilde