Vikariat/midlertidige stillingar som assistent og miljørettleiar ved Loar skule

Bilde frå inne i eit klasserom - Klikk for stort bildeBilde frå inne i eit klasserom Ola Ø Rossehaug Det er ledig ei stilling som assistent og ei som miljørettleiar ved Loar skule for skuleåret 2022/2023. Søknadsfrist 01.06.2022. 

Lom kommune har to skular, Lom ungdomsskule og barneskulen Loar skule. Dette skuleåret har det vorte innført 1:1 iPad til alle elevar og tilsette. Skulane i Lom har gode resultat, og vi arbeider mykje og målretta med skulemiljø.

Det er ledig ei stilling som assistent og ei som miljørettleiar ved Loar skule for skuleåret 2022/2023. Stillingsstorleiken i begge stillingane vil vere inntil 80%.

Arbeidsoppgåver for begge stillingane

  • Støtte elevar i skulekvardagen, både fagleg og sosialt.
  • Støtte elevar både i klasserommet, ved uteskule, uteaktivitet og i friminutt.
  • Inspeksjon og tilrettelegging av ulike aktivitetar i friminutt.
  • Jobbe i team saman med andre lærarar og assistentar i klassen.

Arbeidsoppgåver spesielt for miljørettleiar

  • Ansvar for oppfylging av ein del psykososialt arbeid ved skulen, både retta mot enkeltelevar, forebyggande arbeid og systemarbeid.
  • Rettleiing av, og samarbeid med kollegaer, samt samarbeid med relevante faginstansar.

Kvalifikasjonar

  • For miljørettleiar er det ynskjeleg med relevant høgskuleutdanning. Til dømes barnevernspedagog eller hjelpepleiar.
  • For assistent er det ynskjeleg med relevant praksis frå skule og/eller barnehage.

Personlege eigenskapar

  • Du må trivast med å jobbe med barn, du må kunne kommunisere godt med dei, og du må ha engasjement og interesse for å jobbe for barn sitt beste i skulekvardagen.
  • Du må ha god evne til å skape trygge relasjonar til elevane.
  • Du må ha forståing for ulike behov hjå ulike elevar.
  • Du må vere løysningsorientert og initiativrik, slik at du bidreg positivt med å skape eit godt miljø.
  • Du skal vere ein tydeleg rollemodell for elevane.
  • Du må ha evne til å takle stress og daglege utfordringar.
  • Du må vere ein innstilt på at ein del skuletid skjer i fysisk aktive situasjonar ute.

Vi legg vekt på at du må vere personleg eigna.

Er du den rette?

Da ser vi fram til å høyre frå deg!
Send inn ein elektronisk søknad innan 1. juni 2022

Har du spørsmål om stillingane, kan du ta kontakt med rektor ved Loar skule, Kari Anne Skjaak: 
Telefon: 97 61 88 47 // E-post: kari.anne.skjaak@lom.kommune.no

  • Løn etter kompetanse og ansiennitet.
  • Søkjarliste vil bli offentleggjort.
  • Det er krav om politiattest for stillingar i skulen.

Velkomen til oss!