Vil du bli økonomikonsulent i ein gjestfri og nyskapande kommune?

Fellestenester i Lom kommune har behov for utviklingsorientert og dyktig medarbeidarar med vilje og evne til å arbeide mot kommunen sine felles mål og satsingsområde. Det er frå 01.01.2021 ledig ei 100% fast stilling. Fellestenester inneheld funksjonar som servicetorg, økonomi, løn, personal.

Vi ynskjer ein medarbeidar som er løysingsorientert, offensiv og inkluderande i sitt arbeid. Vidare er det ynskjeleg at du er ein pådrivar for å innføre og implementere digitale løysingar. Du samarbeider godt både i høve til kollega, brukarar og samarbeidsparter. Personlege eigenskapar vil bli gjeve stor vekt.

Lom kommune er ein attraktiv plass å bu i for alle som er glade i friluftsliv. Dei fleste av landet sine 2000-meterstoppar ligg i Lom, og meir enn halvparten av Jotunheimen nasjonalpark ligg i kommunen. Eit kompakt sentrum med mange serveringstilbod, deriblant det landskjente Bakeriet, skapar eit spennande landsbypreg. Om sommaren kryr det av turistar i sentrum.

100% fast stilling som økonomikonsulent

Arbeidsoppgåver vil vere knytt til rekneskaps- og økonomiarbeid, mellom anna:

  • Rekneskapsføring og utbetalingar
  • Lønnsarbeid
  • Avstemmingar
  • Legatrekneskap
  • Innfordringsarbeid
  • Rettleiing av budsjettansvarlege ved budsjettering, rapportering og årsoppgjer
  • Grunnlagsarbeid for budsjettering

Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar:

  • Det er krav om økonomisk-/administrativ utdanning frå høgskule eller fagutdanning
  • God rekneskapsforståing
  • God erfaring i bruk av digitale verkty
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for formell utdanning
  • Erfaring med rekneskapsføring frå offentleg sektor vil vera ein fordel

 

Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å ta kontakt med:

Ingunn Hanne Eide, avdelingsleiar økonomi: tlf. 996 93 918 

Trond Byre-Haakensen, Kommunalsjef: tlf. 934 29 318  

 

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
Namnet på søkjarane vil bli gjort offentleg.

Er dette noko for deg? Send inn ein elektronisk søknad.  

 

Søknadsfrist: 15.08.2020

Klikk for stort bildeLom sentrum  

Kontakt

Ingunn Hanne Eide
Fagleiar økonomi/lønn
Telefon 481 65 539
Mobil 996 93 918
Trond Byre-Haakensen
Kommunalsjef
Mobil 934 29 318