Vil du bli tenesteleiar/oppvekstsjef i ein gjestfri og nyskapande nasjonalparkkommune?

Gjennom ny organisering med felles leiing av barnehagar og skular, ynskjer vi å oppnå ei meir heilskapleg tilnærming til barn og unge sitt oppvekst- og læringsmiljø. Til dette treng vi ein dyktig tenesteleiar for oppvekst. Søknadsfrist 15.08.2022.

Lom kommune har to kommunale barnehagar, ein barneskule og ein ungdomsskule. Gjennom ny organisering med felles leiing av barnehagar og skular, ynskjer vi å oppnå ei meir heilskapleg tilnærming til barn og unge sitt oppvekst- og læringsmiljø. Til dette treng vi ein dyktig tenesteleiar for oppvekst. 

Lom kommune har ein styringsmodell der tenesteleiar rapporterer til administrasjonssjefen ved kommunalsjef. Tenesteleiar vil gå inn i utvida leiargruppe, og skal ha det overordna resultatansvaret for tenesteområdet oppvekst med personalansvar for barnehagestyrarar, rektorar og ungdomskonsulent. Oppvekstsektoren har over tid jobba med inkluderande praksis i barnehage, skule og SFO, samt med digitalisering og aktiv læring. Elevundersøkingar og andre undersøkingar syner at resultatet av arbeidet er godt. 

Ein god barndom legg grunnlaget for eit godt liv. Å gje barn og unge eit best mogleg utgangspunkt for å meistre vaksenlivet, er ei av kommunen sine viktigaste oppgåver. Lom kommune legg stor vekt på at tidleg innsats og helsefremmande arbeid skal vere samordna rundt familien. Barn og familiar skal få god, heilskapleg og nyttig hjelp til riktig tid. Hjelpa skal vere tilpassa behovet, og den tverrfaglege oppfølginga skal vere koordinert på tvers av tenesteområda. Tenesteleiar vil ha ansvar for å fylgje opp føringane i oppvekstreforma. 

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for å fylgje opp satsingsområde i samfunnsplanen  
  • Leie og koordinere felles utviklingsarbeid i tråd med nasjonale føringar og reformar  
  • Leie og motivere til ei heilskapleg tilnærming til barn og unge sitt oppvekst- og læringsmiljø  
  • Arbeide for lik og god kvalitet i barnehagane og skulane, og etablere ein god styringsdialog med styrarar og rektorar  
  • Støtte og rettleie styrarane og rektorane i sitt leiaroppdrag, mellom anna ved å analysere resultat på barnehage- og skuleeigarnivå, samt rettleie tenestene i deira analysearbeid  
  • Bidra til å utvikle skulane og barnehagane som lærande organisasjonar  
  • Bidra til å forvalte ressursar på ein måte som gjev best mogleg kvalitet innan gjeldande rammer  
  • Bidra til godt tverrfagleg samarbeid med andre kommunale tenester, samt til utvikling av Lom kommune gjennom aktiv deltaking i utvida leiargruppe og ulike nettverk  
  • Ivareta myndeoppgåver for skule og barnehage  
  • Utgreie og saksbehandle politiske og administrative saker på overordna nivå  
  • Invitere til, og legge til rette for eit godt samarbeid med kommunalt foreldreutval
  • Oppfylgingsansvar av vertskommunesamarbeid for barnevern, PPT og kulturskule  
  • Deltaking inn i regionalt samarbeidsfora, 6k oppvekst 

Kvalifikasjonar   

  • Relevant høgare utdanning og skulefagleg kompetanse  
  • Det er ein fordel om du har leiarerfaring og kan vise til oppnådde resultat  
  • Kunnskapsbasert tilnærming til læring og utvikling, og evne til å leie ein organisasjon under kontinuerleg utvikling  
  • God kompetanse innan saksbehandling  
  • God økonomiforståing  
  • Svært god kommunikasjonsevne, munnleg og skriftleg (nynorsk skriftspråk)  
  • Høg digital kompetanse 

Personlege eigenskapar   

  • Gode leiareigenskapar, med evne til å byggje gode relasjonar og følgje opp resultat   
  • Evne til samarbeid   
  • Evne til å arbeide systematisk, langsiktig og med gjennomføringskraft   
  • Evne til å skape visjonar og gje retning   
  • Evne til høgt arbeidstempo, sette grenser og prioritere  
  • Kunne lytte til, samarbeide med, rettleie og inspirere medarbeidarar   
  • Fleksibel og løysingsorientert   
  • Systematisk og strukturert   
  • God rolleforståing knytt til tilhøvet mellom administrasjon og politikk  

Ved tilsetting vil det bli lagt stor vekt på personleg eignaheit  

Vi kan tilby   

  • Spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø med høg kompetanse   
  • Deltaking i leiarnettverk kring kollektiv læring, leiing og utvikling  
  • Kontinuerleg arbeid med leiarutvikling og innovasjon  
  • Løn etter avtale   
  •  Godt samarbeidsklima   

Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å ta kontakt med kommunalsjef Synne Skogsrud, telefon 99 62 90 16, eller administrasjonssjef Elin Fjeldberg, telefon 90 73 73 67.  

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju, og namnet på søkjarane vil bli gjort offentleg.   

Det er krav om politiattest.   

Er dette noko for deg?
Send inn ein elektronisk søknad innan 15. august 2022!

Velkomen til Lom! 

Lom kommune er ein attraktiv plass å bu i for alle som er glade i friluftsliv. Dei fleste av landet sine 2000-metertoppar ligg i Lom, og meir enn halvparten av Jotunheimen nasjonalpark ligg i kommunen. Eit kompakt sentrum med mange serveringstilbod, deriblant det landskjente Bakeriet i Lom, skapar eit spennande landsbypreg. Om sommaren kryr det av turistar i sentrum.