Vil du vere lærar i Lom kommune?

Bilde frå inne i eit klasserom - Klikk for stort bildeBilde frå inne i eit klasserom Ola Ø Rossehaug Det vil bli ledig inntil 50% stilling som lærar på Loar skule frå 01.12.2022 og ut skuleåret. Søknadsfrist: 05.10.2022.

Loar skule er aktiv i skuleutvikling. Hausten 2021 starta vi opplæring kring bruk av læringsbrett i form av iPad i skulekvardagen. Vidare utvikling kring det digitale vil vere viktig også i tida som kjem. Alle elevar og tilsette har 1:1 læringsbrett, og det er gode digitale løysingar i klasseromma. Skulen har gode resultat både når det gjeld trivsel og læringsutbytte, foreldresamarbeid er også eit viktig område.

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje og leie elevane si læring
  • Analysere og følgje opp elevane si læring
  • Sørgje for eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane
  • Vere aktiv i profesjonsfellesskap på skulen og i samarbeid med andre

Kvalifikasjonar

  • God relasjonskompetanse og tydeleg klasseleiing
  • Formell utdanning som kvalifiserer for tilsetting og undervisning på barnesteget
  • Bør ha erfaring og kunnskap kring uteskule og læringssituasjonar i nærmiljøet og naturen, og ein må vere innstilt på at ein del skuletid skjer i fysisk aktive situasjonar ute
  • Bør ha erfaring med, og god kunnskap om bruk av læringsbrett i undervisninga
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Søkjarar må legge fram dokumentasjon som syner spesifisert fagkompetanse og studiepoeng

Personlege eigenskapar

  • Initiativrik, gode samarbeidsevner og kan jobbe sjølvstendig og strukturert
  • Løysingsorientert, fleksibel og uredd i avgjerder
  • Lagspelar som er engasjert og motivert
  • Kreativ og nytenkande

Vi legg vekt på at du må vere personleg eigna.

  • Løn etter kompetanse og ansiennitet.
  • Søkjarliste vil bli offentleggjort.
  • Det er krav om politiattest for stillingar i skulen.

Er dette noko for deg? 

Send inn ein elektronisk søknad innan 5. oktober 2022
Vi ser fram til å høyre frå deg! 

Har du spørsmål om stillinga? Nøl ikkje med å ta kontakt med oss: 

Kari Anne Skjaak, rektor ved Loar skule
Telefon: 97 61 88 47
E-post: kari.anne.skjaak@lom.kommune.no

Stian Storeide Fagerli, inspektør ved Loar skule
Telefon: 94 84 67 02
E-post: stian.storeide.fagerli@lom.kommune.no

Velkomen til oss! 

Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Utleggsbrua ein somardag - Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde


 

Kontakt

Kari Anne Skjaak
Rektor Loar skule
Telefon 976 18 847
Stian Storeide Fagerli
Lærar