Vil du vere med på ungdomsmusikal?

Flashdance - ungdomsmusikalen Nord-GudbrandsdalHar du ein draum om å stå på ei scene, eller vil du jobbe bak produksjonen med kostyme/sminke eller som scenearbeider? Da er du velkomen til å bli med på musikalen Flashdance på Otta!

Aldersgrense: frå 10.klasse hausten 2022 og oppover.

Vi ser etter deg som vil spele ei rolle, danse, spele instrument i band, jobbe med kostyme og sminke, eller jobbe som teknisk assistent og scenearbeidar. Audition er på Otta laurdag 24. september og sundag 25. september 2022. Totalt 10 øvingshelger med oppstart hausten 2022, og premiere 24. mars 2023.

Påmeldingsfrist: 13. september 2022

Interessert? Scan qr-koden under så kjem du direkte til påmeldingsskjema, eller gå inn på nettsida www.ungdomsmusikalen.no for meir informasjon.

QR-kode for påmelding til Flashdance