Vil du vere vår medarbeidar på legekontoret i sommar?

Lom legekontor treng ferievikarar for helsesekretærane i tidsrommet frå og med veke 25, til og med veke 31. Søknadsfrist 10.04.2023. 

Vi ynskjer deg som er serviceinnstilt, fleksibel og løysingsorientert. Vi ynskjer søkjarar med helsefagleg kompetanse (t.d. helsesekretær, sjukepleiar, helsefagarbeidar). Studentar og ufaglærte med relevant praksis er også oppmoda til å søkje! 

Arbeidsoppgåver er mellom anna å besvare telefon og ekspedisjon, post- og journalarbeid, laboratorie- og skadestuearbeid. Assistere legar etter behov. 

Vi har ein spanande og hektisk arbeidskvardag, med meiningsfulle oppgåver og eit godt arbeidsmiljø. 

Er dette noko for deg?

Da vil vi gjerne høyre frå deg! Send inn ein elektronisk søknad innan 28. februar 2023

Vi ber om at du som søkjer oppgjev kva tidsrom du kan arbeide i søknaden. 

Nærare opplysningar om stillinga får du av leiar for legetenesta Hege Kirkestuen Melby, tlf: 904 13 339 eller e-post hege.kirkestuen.melby@lom.kommune.no 

  • Løn etter avtale. 
  • Det er krav om politiattest. 

Vi ser fram til å høyre frå deg!