Vil du veta meir om å vere fritidskontakt og besøksheim for barneverntenesta?

Har du lyst til å gjere ein forskjell for barn og unge i din kommune? Barneverntenesta i 6K søkjer fleire besøksheimar og fritidskontaktar – Og no inviterer vi til ein fagsamling for både eksisterande og nye interesserte 19. februar på Otta.

Invitasjon til fagsamling for besøksheim og fritidskontaktar

  • 📅 Dato: 19. februar 2025
  • ⏰ Tidspunkt: 18.00 – 19.30
  • 📍 Stad: Barneverntenesta sine lokale på Otta, Grandbygget, 3. etasje, Olav Dals gate 3
  • 🥪 Enkel servering

Vi ønskjer velkommen til alle våre eksisterande fritidskontaktar og besøksheim. I tillegg oppmodar vi dykk til å ta med vener, kjende eller kollegaer som kan vere interesserte og nysgjerrige på eit slikt oppdrag.

Vi er svært glade og takksame for den viktige jobben de gjer for oss i barneverntenesta. Vi ønskjer å støtte dykk i engasjementa dykkar og vil difor starte opp med to samlingar i året – for å behalde dykk og vise kor høgt vi verdset innsatsen dykkar.

Program for kvelden

  • Enkel presentasjonsrunde av alle som er til stades.
  • Praktisk informasjon frå barneverntenesta.
  • Erfaringsutveksling.
  • Planlegging av neste samling: Kva treng dykk frå oss i barneverntenesta, og kva ønskjer dykk å lære for å stå stødigare i oppdraget?

Påmelding til:

Med venleg helsing
Liv Høystad, Liv Wassrud og Anne Matre
Tiltaksarbeidarar i Barneverntenestene 6K

Kva inneber det å vere besøksheim eller fritidskontakt?

Som besøksheim gir du barn og unge moglegheita til å få eit trygt og stabilt pusterom i kvardagen. Ei besøksheim tek imot eit barn eller ein ungdom jamleg, oftast ei helg i månaden, og gir dei gode opplevingar og trygge vaksne å støtte seg på.

Ein fritidskontakt hjelper barn og unge med å delta i fritidsaktivitetar, finn på sosiale og meiningsfulle aktivitetar saman og bidreg til at dei får ein rikare kvardag.

Desse rollene er avgjerande for mange barn og unge som treng litt ekstra støtte og omsorg, og vi ønskjer å kome i kontakt med fleire som kan tenkje seg å gjere ein slik viktig innsats.