Ynskjer du å arbeide med ungdom på deira arenaer?

Klikk for stort bilde Lom kommune søkjer ein engasjert og motivert ungdomskonsulent i 100% stilling til å vere med å vidareutvikle ungdomsarbeidet i kommunen. Søknadsfrist 01. oktober 2021. 

Ungdomskonsulenten skal ha fokus på førebyggjande arbeid. Å involvere ungdom og skape møteplassar blir ein viktig del av arbeidet. Stillinga gjeld førebels for eitt år, med moglegheit for forlenging.

Arbeidsoppgåver

  • Vere tilgjengeleg for ungdom på deira arenaer
  • Hjelpe ungdom med å sette ideane deira ut i livet
  • Spreie informasjon, skape  aktivitetstilbod for ungdom og skape nye tilbod saman med ungdom og engasjerte vaksne
  • Samhandle i nettverk med andre som arbeidar med ungdom i kommunen
  • Koordinere kommunale tenester med andre instansar
  • Vere sekretær for ungdomsrådet
  • Følgje opp lærlingar

Må rekne med noko kvelds- og helgearbeid

Ynskte kvalifikasjonar

  • Relevant 3-årig høgskuleutdanning innan fagområde knytt til ungdomsarbeid. Arbeidserfaring og personleg eignaheit kan kompensere for manglande utdanning.
  • Erfaring med ungdomsarbeid

Personlege eigenskapar

  • Du likar å vere saman med ungdom
  • Du er trygg og tydeleg open og lyttande
  • Du er engasjert, positiv, løysningsorientert og ansvarsbevisst
  • Du er god på samarbeid og kommunikasjon

Personlege eigenskapar vil bli tillagd stor vekt.

Vil tilbyr

  • Ein givande jobb som vil gjere ein forskjell for ungdom i Lom
  • Løn etter avtale

Spørsmål om stillinga kan rettast til kommunalsjef Herdis Kvamme Repp:
E-post herdis.kvamme.repp@lom.kommune.no eller mob. 976 67 744.

Det vil vere krav om godkjent politiattest.

Er dette noko for deg? Send inn ein elektronisk søknad innan 01.10.2021.
Vi ser fram til å høyre frå deg!

Kontakt

Herdis Kvamme Repp
Kommunalsjef oppvekst
Mobil 976 67 744