Høyringar og kunngjeringar

 
Barnehagen

Søknad om plass i barnehagane i Lom kommune frå 20.august 2019 for barnehageåret 2019/2020:

Kartverket har sendt på høyring namnesak som gjeld ei rekkje stadnamn kring Smørstabbrean m.fl. i Lom kommune samt skrivemåte av desse. Det gjeld mellom anna namnevalet, plassering  og skrivemåten for fylgjande namn:  Smørstabbtindan/Smørstabban,  Vesle Smørstabbtind/Kniven og  Sauen/Killingen/Tortind (en). Kartverket reiser dessutan full namnesak for naturnamn som inneheld  -brean/ -breen. Høyringa omfattar og ein del andre stadnamn rundt omkring i kommunen der det trengs avklaring av skrivemåten. I alt inneheld listene som følgjar saka 123 stadnamn som skal bli fastsett i saka.

Ut frå stadnamnlova § 6 har eigaren eller festaren rett til å uttale seg i saker som gjeld skrivemåten av bruksnamn. Lokale organisasjonar har også rett til å uttale seg i stadnamnsakar som dei har særleg tilknyting til.

Sakas dokument er lagt ut på servicetorget på kommunehuset, på Lom Folkebibliotek og er elles tilgjengelege på kommunen si heimeside www.lom.kommune.no. Ein kan også få tilsendt dokumenta ved å vende seg til servicekontoret på kommunehuset.

Merknadar til namnesaka sendast innan 21. januar 2018 til Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom eller på e-post til post@lom.kommune.no. Merk uttala med sak nr. 2018/840.

Merknadar vil bli samordna og sendt Stadnamntenesta for Austlandet og Agderfylka som så vil gje endeleg tilråding til Kartverket.

Kommunestyret i Lom har i sak 19/2018 gjort vedtak om godkjenning av «Detaljreguleringsplan for Brubakken».

Liste over eigedomsskattetakstar og utlikna eigedomsskatt for skatteåret 2018 er lagt ut til offentleg ettersyn på kommunen sitt servicetorg, Midtgard. Lista ligg og på heimesida til kommunen. Eigedomsskattelista vil liggje ute til offentleg ettersyn i 3 veker frå 28.02.2018. Eigedomar det er gjort taksering på i 2018, har klagerett. Klage må sendast skriftleg, innan 2. mai 2018.

Informasjon om ny takst er sendt dei dette gjeld. 

Lom kommunestyre gjorde i sak 6/2018 vedtak om godkjenning av privat detaljreguleringsplan for Murgarden. Planen opnar for bustader i 2. etasje på næringsbygget.

Det er oppretta eit fond som følgje av Tessereguleringa. Vedtekter for bruk av fondet vart nyleg vedtatt, og dermed er det mogleg å søkje om tilskot i 2018.

Lom vilt- og innlandsfiskenemnd set fram forslag om reduksjon av minstearealet for hjort frå 3.000 til 2.000 dekar.

Det skal innførast nytt pasientjournalsystem på alle legekontor og helsestasjonar i kommunane i Nord-Gudbrandsdal. Dette medfører reduserte opningstider i ei overgangsfase: 

Frå og med mars 2018 blir det lagt til rette for å levera plastavfall i eigne sekkar til miljøstasjonen!