Høyring - endring av forskrift om minsteareal for elg-, hjort- og rådyrjakt i Lom kommune

Viltutvalet i Lom kommune vedtok 04.02.2021 å legge forslag til ny lokal forskrift om minsteareal for elg- hjort- og rådyrjakt i Lom kommune ut til høyring.

Forslaget går ut på å redusere minsteareal for elg frå 5.000 daa til 4.000 da, og for hjort frå 2.000 daa til 1.250 daa. Uendra minsteareal for rådyr; 3.000 daa.

Forslaget vil medføre at for elg vil talet på fellingsløyver auke med 25 – 30 %. For hjort aukar talet på fellingsløyver med 60 % samanlikna med gjeldande forskrift, men med ca 30 % samanlikna med tildelte fellingsløyver i 2019 og 2020, sidan det desse to åra vart gjort vedtak om mellombels auke i kvoten med heimel i hjorteviltforskrifta § 7.

Behandling av forslaget i viltutvalet finn du her (PDF, 677 kB). Uttaler til forslaget må sendast Lom kommune innan 1. mars 2021.