HØYRING I NAMNESAK: Stadnamn kring Smørstabbrean og andre stadnamn i Lom.

Kartverket har sendt på høyring namnesak som gjeld ei rekkje stadnamn kring Smørstabbrean m.fl. i Lom kommune samt skrivemåte av desse. Det gjeld mellom anna namnevalet, plassering  og skrivemåten for fylgjande namn:  Smørstabbtindan/Smørstabban,  Vesle Smørstabbtind/Kniven og  Sauen/Killingen/Tortind (en). Kartverket reiser dessutan full namnesak for naturnamn som inneheld  -brean/ -breen. Høyringa omfattar og ein del andre stadnamn rundt omkring i kommunen der det trengs avklaring av skrivemåten. I alt inneheld listene som følgjar saka 123 stadnamn som skal bli fastsett i saka.

Ut frå stadnamnlova § 6 har eigaren eller festaren rett til å uttale seg i saker som gjeld skrivemåten av bruksnamn. Lokale organisasjonar har også rett til å uttale seg i stadnamnsakar som dei har særleg tilknyting til.

Sakas dokument er lagt ut på servicetorget på kommunehuset, på Lom Folkebibliotek og er elles tilgjengelege på kommunen si heimeside www.lom.kommune.no. Ein kan også få tilsendt dokumenta ved å vende seg til servicekontoret på kommunehuset.

Merknadar til namnesaka sendast innan 21. januar 2018 til Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom eller på e-post til post@lom.kommune.no. Merk uttala med sak nr. 2018/840.

Merknadar vil bli samordna og sendt Stadnamntenesta for Austlandet og Agderfylka som så vil gje endeleg tilråding til Kartverket.