Ny kommunedelplan for Fossbergom vedteken

Kommunestyret i Lom vedtok 24.11.2020, sak 52/2020, med heimel i plan- og bygningslova § 11-15 ny kommunedelplan for Fossbergom.

Planen erstattar tidlegare kommunedelplan vedteken 14.10.2003. Kommunedelplanen omfattar også skiltvedtekter. Kommunedelplanen vil vere førande for nye reguleringsplanar og ved revisjon av eldre reguleringsplanar. Kommunedelplanen vil også vere retningsgjevande ved dispensasjonsbehandling der eldre reguleringsplanar ikkje er i samsvar med ny kommunedelplan.

Sjå kommundelplanen.