Varsel om start av reguleringsplanarbeid for Loar skule

I samsvar med plan- og bygningslova, §12-8, blir det varsla om at Lom kommune startar opp arbeidet med reguleringsplanarbeid for Loar skule.

Skulen har ønskje om at det må skje ei planendring med omsyn til gang- og sykkelvegar som går tvers gjennom skuleområdet, da ein ser på det som uheldig at det er trafikk av andre gjennom skuleområdet. Skulen viser til at det er eit sikkerheitsaspekt ved dette i forhold til potensiale for ulukker, og også eit problem i forhold til forsøpling og etterlatenskaper frå dyr.

Skuleområdet ligg innafor reguleringsplan for Brubakken (PlanID 5140072) vedteke i 2018, og i planen er "vegane" gjennom skuleområdet regulert som gang- og sykkelvegar.

Med omsyn til trafikktryggleik, er det viktig å oppretthalde eit godt gang- og sykkelvegnett på Fossbergom, og i sær med omsyn til å ha trygge skulevegar. Det er også viktig at eventuell nedlegging av offentlege gang- og sykkelvegar, ikkje må medføre at det blir særleg lengre veg å gå/sykle og meir tungvindt å ta seg fram.

Ytterlegare opplysningar går fram av behandling av sak om oppstart av reguleringsplanarbeid i Samfunnsutvalet 15.02.21 og 23.02.21 i Formannskapet (planutval) og dei andre vedlegga til saka.

Kommentarar/innspel til planarbeidet sendast til pr. brev eller på e-post til Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom, e-post: post@lom.kommune.no. Merk sendinga med sak nr. 2021/602.

Plandokument:

  1. Varsel om start av reguleringsplanarbeid for Loar skule (PDF, 463 kB)
  2. Planavgrensing Loar skule (PDF, 324 kB)
  3. Sakspapir politisk behandling av oppstartvarsel (PDF, 477 kB)
  4. Planavgrensing på utsnitt av regplankart (PDF, 2 MB)
  5. Føresegner Brubakken regplan (PDF, 77 kB)