17. mai i år blir annleis - men det skal likevel bli ei fin feiring!

Barnetog og borgartog med traktorar er avlyst, det same er samlinga i Presthaugen. Flaggseremonien om morgonen blir berre for nokre få. Dette er trist, men det treng ikkje å bli ein trist 17. mai for det – den blir berre annleis.

Lom kommune ynskjer å gjere sitt for at det skal bli ei så minneverdig feiring som råd. Derfor har vi oppretta eit arrangement på Facebook der vi vil sende direkte frå mellom anna flaggseremonien kl 08:00, samt andre innslag som vi kjem attende til seinare. Kanskje klarar vi å få med litt korpsmusikk og kor?

I tillegg oppmodar vi DEG og din familie til å filme dykkar flaggseremoni, og dele denne i arrangementet. Slik får vi på eit vis vere saman. 

Kl 13:00 er alle i heile Norge oppmoda til å synge nasjonalsongen vår frå hagar, balkongar, fjellet og verandaer. Vi håpar du og blir med på dette!

Regjeringa vil kome med endelege tilrådingar knytt til 17. mai-feiringa den 4. mai, men fram til da, så er det dette vil held oss til. Og her er nokre generelle tilrådingar som vi bør hjelpe kvarandre med å hugse på:

1) Halde oss til vår eigen familie/husstand
2) Ikkje vere fleire enn fem (med mindre det er eigen familie/husstand)
3) Sørge for 2 meters avstand frå andre enn vår eigen familie/husstand
4) Passe på at vi har god hand- og hostehygiene

Lom kommune kjem attende med meir informasjon. 

Klikk for stort bilde