Koronaviruset

For å oppnå god smittekontroll og unngå spreiing er det viktig at alle innbyggjarar følgjer råd og retningsliner frå myndigheitene, sjå Folkehelseinstituttet og Helsenorge

Innbyggjarar i Lom oppmodast til å skaffe seg informasjon og svar på spørsmål kring koronaviruset på desse nettsidene.

Finn du ikkje svar på det du lurar på, kan du ringe:
Informasjonstelefon koronavirus: 815 55 015, kvardagar 08:00-15:30 
Beredskapstelefon i Lom (for innbyggjarar): 481 65 519, kvardagar 09:00-15:00. 

Ved mistanke om smitte, ring fastlegekontoret: 61 21 72 00
Kvardagar: 08:00-11:30 (måndagar frå kl 09.00) 12:30-15:00

Utanom opningstider, ring legevakt 116117

Kontakttelefon for dei UNDER 18 år: 

Er du under 18 år og opplever bekymring, angst, sorg, stress eller noko anna?
Ring 480 77 480
Opningstid: Kvardagar 10:00-20:00, helgar 12:00-17:00

  

Nord-Gudbrandsdal videaregåande skule avdeling Otta blir stengt frå og med i morgon tidleg (torsdag 12. mars). I fyrste omgang ut neste veke, til og med fredag 20. mars.

Årsaken er at eit stort antall elevar og lærarar er sett i karantene fordi dei kan ha hatt kontakt med personar som er smitta av koronaviruset. www.innlandetfylke.no

Med bakgrunn i oppfordring frå Fylkesmannen i Innlandet per i dag, og i utviklinga av koronasmitta i Sel, kjem kommuneoverlegen i Lom med en sterk oppmoding til våre innbyggjarar om å ikkje dra til Sel kommune om det ikkje er strengt nødvendig. Føremålet er å unngå smittespreiing.

Kommuneoverlegen oppfordrar på generell basis at innbyggarar unngår kontakt over kommunegrensa som ikkje er strengt nødvendig.

Koronaviruset – melding frå Lom Friviljugsentral:

Styret i Lom Friviljugsentral har bestemt å stengje sentralen inntil vidare. Dette for å beskytte mot event. Koronasmitte. Dagleg leiar Ella Hoel er tilgjengeleg på mail og telefon: ella.hoel@lom.kommune.no  tlf.:996 938 47.

Vi kjem tilbake til tidspunkt for oppstart av aktivitetane så snart som råd. 

Fysioterapitenesta i Lom og Skjåk startar opp att med varmtvasstrening i Skjåkhallen f.o.m måndag 05.10.20.

 

Helseheimen er stengt for besøkjande
Helseheimen tek kun imot nødvendige besøk framover. 
Dersom ein meiner at besøk er nødvendig, må ein gjere avtale ved å ringe
vakttelefon (488 96 477) fyrst. 

Innstiller alle arrangement
Pleie og omsorg innstiller alle arrangement og all aktivitet frå friviljuge ved Lom helseheim inntil vidare. Aktivitetstilbodet Aktive saman blir og utsett inntil vidare. Dette gjeld både gruppeaktiviteten i Kultursalen, og lunsjen som foregår på Lom helseheim. 

Lurar du på korleis du skal førebyggje smitte? Eller kva du skal gjere som reisande? 
Vidare finn du litt informasjon og råd.
Ynskjer du å vite meir om koronaviruset, kan du gå inn på Folkehelseinstituttet sine nettsider.

Opningstider

Har du spørsmål om det nye koronaviruset?

Har du generelle spørsmål og du ikkje finn svar på fhi.no, ring smittetelefonen: 
815 55 015.

Innbyggjarar i Lom som har spørsmål om Koronaviruset kan ringe beredskapstelefonen:
481 65 519

Opningstid:
Kvardagar frå 09:00-15:00.

 

Har du mistanke om at du er smitta?

RING fastlegen din eller legevakt. Legen vil vurdere vidare tiltak. Det er viktig at ein ikkje møter opp direkte på legekontor/legevakt da det kan føre til smittespreiing blant sårbare grupper. 

Lom legekontor: 61 21 72 00
Legevakt: 116117

 

Klikk for stort bilde