Koronaviruset

For å oppnå god smittekontroll og unngå spreiing er det viktig at alle innbyggjarar følgjer råd og retningsliner frå myndigheitene, sjå Folkehelseinstituttet og Helsenorge

Innbyggjarar i Lom oppmodast til å skaffe seg informasjon og svar på spørsmål kring koronaviruset på desse nettsidene.

Finn du ikkje svar på det du lurar på, kan du ringe:
Informasjonstelefon koronavirus: 815 55 015, kvardagar 08:00-15:30 
Beredskapstelefon i Lom (for innbyggjarar): 481 65 519, kvardagar 09:00-15:00. 

Ved mistanke om smitte, ring beredskapstelefonen: 481 65 519
Utanom opningstider, ring legevakt 116 117

Kontakttelefon for dei UNDER 18 år: 

Er du under 18 år og opplever bekymring, angst, sorg, stress eller noko anna?
Ring 480 77 480
Opningstid: Kvardagar 10:00-20:00, helgar 12:00-17:00
 

Andre nyttige telefonnummer 

Vi treng mange friviljuge mellom anna til å køyre daglegvarer heim til folk. Ynskjer du å vere med å bidra? Send inn registreringsskjema: 

 

Barneverntenesta i Lesja, Dovre, Sel, Vågå, Lom og Skjåk kan kontaktast døgnet rundt på 908 54 475. 

Dei følger nasjonale krav og retningsliner for å redusere smittespreiing, og reduserar derfor tenestetilbodet til det heilt nødvendige.

  • Alle tilsette har heimekontor og er tilgjengelege på telefon og e-post måndag–fredag fra kl. 08.00 – 15.30.
  • Samtalar, møter, heimebesøk og samvær blir utsett. Der det er mogleg gjennomfører vi oppfølging og møter på Skype/telefon.
  • Alle barn og familiar som har oppfølging av barneverntenesta vil bli fulgt opp av sin kontaktperson.

20.03.2020 kom Fylkesmannen i Innlandet med oppdaterte køyrereglar

Desse køyrereglane om er noko strengare enn FHI sine tilrådingar.

Vi må forhalde oss til at det er litt ulik informasjon frå dei ulike statlege aktørane, og det er like utfordrande for oss som for dykk. Det er uansett betre at det blir stramma inn enn at det blir slept opp! Saman får vi til dette, men da må vi ALLE hjelpe kvarandre med å halde motet og trykket oppe og ikkje sleppe opp! 

Er du i risikogruppe (over 65 år eller har underliggande sjukdom)? Få nokon andre til å handle for deg.

Vask hendene dine ofte og nøye, ver ikkje i lag med andre enn dei i di eiga hushaldning, og ta vare på kvarandre!  

Og du - hjelp oss gjerne med å ta den ekstra telefonen til dei som kanskje ikkje er på internett og ser denne oppdateringa. 

 Minner om at kommunelegen tysdag 17. mars vedtok at alle studentar som kjem til Lom skal ha 14 dagar karantene. 

Vi er usikre på om denne informasjonen kom godt nok fram - derfor ei lita påminning. 

 

Dei som kjem innom legekontoret framover vil sjå nokre nye fjes - felles for dei alle er at dei er positive og glade, og gjer ein viktig jobb for oss alle saman. Så vis litt omtanke, og ver litt tålmodig dersom det blir litt ventetid. 

Med hjelp av dei friviljuge som har meldt seg, er legesenteret godt rusta for både nåtid og framtid med tanke på Covid-19. Vi er glade og takksame for alle som har teke kontakt, her representert med ei fin gjeng: 

Framover treng vi mange friviljuge som ynskjer å hjelpe til på ulike avdelingar i helsetenesta. Ynskjer du å hjelpe til? Registrer deg i kontaktskjemaet vårt, så vil du bli kontakta når behovet er der.

Har du helsefagleg utdanning eller erfaring, men arbeider med andre oppgåver i dag? Da blir vi veldig glade og takknemlege om du vil registrere deg her!

Er du alderspensjonist? Du kan jobbe med koronakrisen utan å tape pensjon! 
Regjeringa lempar med umiddelbar verknad på reglar slik at pensjonerte sjukepleiarar og andre i nødvendige yrkesgrupper kan jobbe utan å få pensjonen redusert.

Regelen gjeld frå fredag 13. mars og fram til 1. november, og altså for arbeid knytt til koronaviruset.

Pårørandelinja er tilgjengeleg på chat, telefon og e-post. Deira tilsette har helse- og sosialfagleg utdanning og teieplikt. Dei sit klar til å hjelpe både barn og unge som tek kontakt. 

Kjære Lomværar og Gudbrandsdølar!

Vi står nå ovanfor ei svært utfordrande tid, ikkje berre for Lom og Gudbrandsdalen, men for heile Noreg og resten av verda. I ei slik tid er det svært viktig å stå saman og støtte kvarandre. Sjølv om det nå ikkje er tida for samankomstar og vennebesøk, kan vi likevel vise at vi bryr oss om kvarandre. Ta ein telefon, send ei melding og vis at du bryr deg.

Kommunane i Nord-Gudbrandsdal (Lesja, Dovre, Skjåk, Lom, Vågå og Sel) opnar telefon for barn og unge opp til 18 år som opplever bekymring rundt det nye Korona-viruset, Covid-19. Telefonen er berre open for personar under 18 år.

Telefonnummer: 480 77 880
Opningstid: Kvardagar 10:00-20:00, helgar 12:00-17:00

Telefonen er meint for dei som opplever bekymring, angst, sorg, stress eller anna knytt til dette sjukdomsutbrotet. Du kan vere anonym, og tilsette har teieplikt. Dei som skal betene denne telefonen er tilsette i Nord-Gudbrandsdal PP-teneste.

Telefonen vil vere i drift så lenge situasjonen tilseier det.

  

Kjære bygdefolk, 
Takk for alt de har gjort og gjer for å unngå smittespreiing.

Nå opnar samfunnet opp att, men vi treng framleis di hjelp for å unngå smittespreiing. 

Vi har oppdatert våre felles reglar, og håpar at alle held fram med å hjelpe kvarandre med å halde motet og trykket oppe også i tida som kjem! 

Opningstider

Har du spørsmål om koronaviruset?

Har du generelle spørsmål og du ikkje finn svar på fhi.no, ring smittetelefonen: 
815 55 015.

Innbyggjarar i Lom som har spørsmål om Koronaviruset kan ringe beredskapstelefonen:
481 65 519 (kvardagar 09:00-15:00)

 

Har du symptom?

RING beredskapstelefonen 481 65 519. Det er viktig at ein ikkje møter opp direkte på legekontor/legevakt da det kan føre til smittespreiing blant sårbare grupper. 

Lom legekontor: 61 21 72 00
Legevakt: 116117

 

Klikk for stort bilde