Avstand, karantene og isolering - kva gjeld nå?

Sommaren er her for fullt, og det er kanskje fort gjort å gløyme kva for situasjon vi faktisk er i. Vi må framleis vere bevisste på hand- og hostehygiene og avstand. 

Ved å auke avstanden mellom menneske blir utbrotet av koronaviruset forseinka (FHI.no). 

Koronaviruset som herjar nå smittar hovudsakleg via dråpe- og kontaktsmitte. Desto meir sannsynleg det er at du er smittsam, desto større avstand må du halde til andre.

Så skal du halde litt, mykje eller heilt avstand? 
Figuren nedafor oppsummerer råd om avstand til ulike grupper. 

Dersom du kjenner på symptom (til dømes er forkjøla), så hugs å ringe legen din. Det er opp til dei å vurdere om du skal testast eller ikkje. Ikkje deg sjølv. Ring heller ein gong for mykje, enn ein gong for lite. 

Med ynskje om ein god sommar til deg og dine! 

 

Helsing Lom kommune

 

Klikk for stort bilde Klikk for stort bilde