Helsestasjon

Helsemyndigheitene har opna opp for at tilbodet i helsestasjon, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom (HFU) skal attende til normal aktivitet, og tilbodet skal vere i tråd med omsyn til smittevern. Helsestasjonen fylgjer Nasjonale retningslinjer.

Helsestasjonen gjennomfører alle konsultasjonar individuelt. Konsultasjon med nyfødt kan nå bli gjennomført på heimebesøk, eventuelt på helsestasjonen. 

Dersom barn, ungdom eller føresett treng samtale med helsesjukepleiar, kan du ta kontakt på telefon eller kome innom kontoret. Vi kan legge til rette for samtale over telefon, video eller på helsestasjonen.

Treng du vaksine eller hørselstest kan du kome innom eller ringe for avtale. 

Har du behov for kontakt med helsesjukepleiar, så kan du kome innom kontoret eller ringe: 

97667747 Liv Marie 
97667746 Stine 

Helsestasjon for ungdom

Drop-in tid måndag kl. 14.30 – 15.30, møt opp eller ta kontakt med helsesjukepleiar på telefon for avtale.

Telefon helsesjukepleiar: 97667746 eller 97667747.