Skule og barnehage

Foreldre av barn i barnehage/skule får informasjon fortløpande. 

Tysdag 21.04.2020 opnar barnehagane i Lom att. Barnehagane sender fortløpande ut informasjon til foreldra. 
 

Tysdag vedtok regjeringa at barnehagen opnar att frå 20.april. Frå 27.april opnar skular for 1.-4.kl. og SFO. Barn i risikogruppe, eller som har foreldre eller søsken som er det, skal fortsatt ha heimeskule.

For å hindre koronasmitte, vil skular, barnehagar og SFO framleis vere stengt. Stenginga gjeld til 13.april.  Regjeringa seier dei vil kome med ny informasjon 8. april.

Kriseleiinga i Lom kommune viser til pålegg om stenging frå Helsedirektoratet og stenger barnehagar, skular og SFO.  Frå og med fredag 13. mars.

  • 5.-7. trinn: så langt det er mogleg skal det vere ei form for fjernundervisning 
  • 8.-10. trinn: får fjernundervisning.
  • Foreldre/føresette i 1.-4. klasse, SFO og barnehagane i Lom, sjå informasjon under. 

Kulturskulen og vidaregåande skule er og stengt.