Ung i Norddalen

Ung i Norddalen er her for deg som treng og ynskjer å ha nokon å snakke med. Til dømes om du kjenner på sakn av vener, har vanskar med å følge opp skulearbeid, føler deg einsam, har vanskar med vener, noko er vanskeleg heime, hendingar som ikkje bør skje, dersom du er utsett for vald eller overgrep, har vanskelege følelsar som dukkar opp, problem knytt til arbeid og skule, søvnproblem og døgnrytme.

Er det andre ting du tenkjer på som du gjerne vil prate med noko om, er det berre å ta kontakt på chat eller telefon. 

Kontakttelefon: 480 77 480
Opningstid chat og telefon: Kvardagar 12:00-20:00, helgar 12:00-17:00

På nettsida www.unginorddalen.no ligg det informasjon og råd om koronasituasjonen på mange forskjellige språk. 

Du finn dei og på Facebooksida unginorddalen

Kontakttelefonen er og open for føresette som treng nokon og prate med i samband med at koronatiltaka mellom anna har ført til stengte skular og barnehagar.

Tenestene er betent av tilsette frå PPT Nord-Gudbrandsdal og helsestasjonen.

Klikk for stort bilde Pixabay_Piro4D