Covid-19: Er du usikker på når skal du halde deg heime, og når du skal testast?

Folkehelseinstituttet tilrår at alle personar med symptom på Covid-19 skal testast raskast mogleg.

Covid-19 har ofte følgjande symptom: feber, hoste, tungpust, tap av smak- eller luktesans, sår hals, eller sjukdomskjensle. 

Ungar i barnehage og barneskule med kun lette luftvegssymptom, kan halde seg heime eit par dagar før ein vurderer test. Ved rask betring, kan dei returnere til barnehage/skule utan test. Ved manglande betring skal dei testast. 

Ungar i barnehage og barneskule med rennande nase som einaste symptom og god allmenntilstand, treng ikkje å halde seg heime eller testast.

Dersom ein skal testast, ta kontakt med legekontoret (beredskapstelefonen: 481 65 519) for å avtale tid og stad. Alle som testast skal halde seg heime til negativt prøvesvar føreligg OG symptoma er borte/formen er som vanleg att. Ved positivt prøvesvar er det anna oppfølging. Sjå flytskjema frå FHI nedafor.  

Har du spørsmål om korona så oppmodar vi deg til å sjå på FHI sine nettsider før du ringer legekontoret. Finn du ikkje svar kan du ringe beredskapstelefonen: 481 65 519 

Ved timebestilling som gjeld andre ting enn korona ringer du legekontoret: 61 21 72 00
Ved til dømes reseptfornying oppmodar vi deg til å nytte helsenorge.no. Her kan du og få direkte kontakt med fastlege via e-konsultasjon.  

Her er nokre nyttige lenker: 
Symptom på Covid-19
Testkriteria
Helsenorge.no 
Smittevernråd for reise og innreisekarantene ved ankomst til Norge
 

Flytskjema:
Klikk for stort bilde 

Artikkelen vart oppdatert 02.09.2020, kl 22:33