Ei førjulshelsing frå ordføraren - jula er rett rundt hjørnet

Nå er jula rett rundt hjørnet, og mange kjem heim for å feire jul med familien. Å reise heim til jul er definert som ei naudsynt reise, og vit at du er hjarteleg velkomen heim til Lom!

Nå er det viktig at kvar enkelt av oss – både tilreisande og innbyggjarar - legg inn ein ekstra innsats for å ikkje spreie viruset. Derfor så minner vi om nokre av dei nasjonale retningslinene, slik at du kan få ei så trygg jul som mogleg: 

  • Du må framleis avgrense det totale antalet menneske du har sosial kontakt med.
     
  • Hald minst ein meter avstand til dei du ikkje bur saman med.
    Det må alltid vere minst ein meter avstand mellom alle som ikkje bur saman.
     
  • Om du skal heim til Lom i jula, og kjem frå område med mykje smitte, bør du halde 2 meter avstand frå folk i risikogruppa. 
     
  • Du kan invitere maks fem gjestar heim til deg.
    På to av dagane, til dømes julaftan og nyttårsaftan, kan du invitere inntil 10 gjestar dersom de kan halde minst ein meter avstand mellom alle som ikkje bur i same husstand.
     
  • Hald deg heime når du er sjuk, og ring koronatelefonen for bestilling av test:
    481 65 519
     
  • Er du einsam, bekymra for nokon, opplever noko ubehageleg eller berre treng du nokon å snakke med? Da må du ikkje nøle med å ringe hjelpeapparata. Du finn telefonnummer på lom.kommune.no.

Vask hendene, hald deg heime når du er sjuk og test deg. Host i papirlommetørkle, hald avstand og unngå reiser som ikkje er naudsynte. 

Ta godt vare på kvarandre – og til deg som kjem heim: Velkomen heim til jul!  


Med ynskje om ei god og trygg jul til deg og dine. 

Helsing
Lom kommune

----------------------------------------------------------------------

Nokre nyttige lenker: 

Opningstider legekontor/koronatelefon
Opningstider servicetorg
Nyttige telefonnummer
Felles køyrereglar for jula 2020