Ei påminning om smitteverntiltaka

Sumaren er her og mange har starta ferien. Vi ser at det er naudsynt med ei påminning om smitteverntiltaka. Skal vi klare å halde smittetala nede, er det viktig at alle veit kva dei skal gjere:

  • Dersom du får luftvegsinfeksjon med feber, hoste, tung pust, halsvondt, sjukdomskjensle eller tap av smaks- og luktesans, skal du ta kontakt med lege for testing. Dette gjeld for personar i alle aldre. Naseforkjøling med tett eller rennande nase er ikkje typisk for covid-19, men det kan likevel vurderast å teste barn under 10 år ved naseforkjøling som varar utover 2 dagar.
  • Hald deg heime om du blir sjuk eller forkjøla
  • Hugs handvask og 1 meters avstand!

Kven bør testast for covid 19?