Er du i karantene eller ventekarantene?

Da må du halde god avstand til alle, også til dei du bur med og andre som er i karantene eller ventekarantene. I all hovudsak skal du følgje akkurat dei same råda uansett kva for karantene du har. 

Den største forskjellen på karantene og ventekarantene er:

Om du får vite at du har vore utsett for smitte må du vere i karantene.

Karantene varar vanlegvis i 10 døgn frå sist du var utsett for smitte. Om du får negativt svar på test tatt tidlegast 7 døgn etter du vart utsett for smitte, og du ikkje har symptom, er karantenetida over.

Om du til dømes bur saman med ein som er nærkontakt (og som følge av det sett i karantene) må du vere i ventekarantene fram til nærkontakten har fått det første testsvaret sitt. 

Om det første testsvaret til nærkontakten er negativt, er du ikkje lenger i ventekarantene. Dersom testsvaret til nærkontakten er positivt, må du vere i vanleg karantene som varar lenger.

For meir informasjon om kva karantene og ventekarantene innber, sjå www.helsenorge.no

Klikk for stort bilde