Fritidsreiser og fritidsaktivitetar

Sjølv om vi per nå har god kontroll på smittesituasjonen i Lom kommune (0 smitta og 0 i karantene), så treng vi framleis di hjelp.

Etter at hytteforbodet vart oppheva, har vi fått meir gjennomfartstrafikk i bygda, og desto viktigare er det da at vi held oss til dei tilrådingane vi har fått;

at vi held avstand til kvarandre, ikkje er fleire enn fem i lag og har god hand- og hostehygiene. Dette gjeld og når vi er i fysisk aktivitet ute.

Folkehelseinstituttet fekk, i ljos av oppheving av hytteforbodet, i oppdrag å vurdere innanlands reiseråd. Desse råda gjeld frå 21. april 2020 og inntil vidare. Ut frå dette har Fylkesmannen i Innlandet skreve ein artikkel som vi oppmodar dykk alle til å lese.

Det er freistande å sleppe opp nå, men vi må halde ut. Nå som vi er på veg til å opne opp samfunnet att, så må vi gjere det den enkelte av oss kan for å unngå å sjølv bli smitta, eller smitte andre. 

 

Helsing Lom kommune

Klikk for stort bildeFrisbeegolf Medalen Rønnaug Nyrnes