Gjeldande reglar og tilrådingar - 10.02.2021

Klikk for stort bildeVi veit at mange nå er lei, og saknar å kunne møtast, reise, gje kvarandre ein klem og gå på kino. Men enda må vi vere restriktive. 

Kvar veke har kriseleiinga møte for å gjere opp status og vurdere gjeldande reglar og tilrådingar i Lom kommune.

Lom kommune har heile vegen halde seg til dei nasjonale reglane og tilrådingane. Det kan opplevast strengt - særleg i periodar med liten eller ingen smitte, men viruset er uføreseieleg. Ein veit aldri sikkert kvar det er, og derfor er det viktig å vere føre var og ha førebyggande tiltak.

Dette inneber mellom anna at kvar enkelt av oss bør ha færrast mogleg nærkontaktar. Under finn du ei oversikt på nokre av dei nasjonale tiltaka, samt lokale presiseringar.

 Nasjonale tiltak:

  • Det tilrådast å unngå alle reiser i inn- og utland, med mindre det er naudsynt.
  • Vi kan ha inntil 5 gjestar i tillegg til dei som allereie bur saman.
  • Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt, både ute og inne. Kampar, cupar, stevne o.l. må framleis utsettast. 
  • Heimekontor tilrådast for alle som har moglegheit til det.
  • Organiserte innandørs aktivitetar for vaksne er ikkje tilråda.
  • Kulturarrangement som førestillingar, oppvisningar m.m., samt kurs/konferansar og trus- og livssynseremoniar utsettas dersom desse samlar personar frå fleire kommunar.
  • Det er skjenkestopp kl 24:00.
    • Gjestar kan ikkje sleppast inn etter kl. 22.00.
    • Alkoholservering kan berre skje i samanheng med matservering.

Dette er ikkje ei utfyllande liste. Tiltaka i si heilheit kan du lese på helsenorge.no.

Lokale presiseringar

Arrangement:

  • Lom kommune oppmodar til at alle arrangement blir utsett. 

Midtgard/Lom kommune:

  • Møteromma på Midtgard er stengt førebels fram til påske, og skal berre nyttast når det er heilt nødvendig.    
  • Treng du å prate med ein sakshandsamar i Lom kommune må du gjere avtale på førehand. Ring sakshandsamar direkte eller ta kontakt med servicetorget: 61 21 73 00

Lom friviljugsentral:

  • Lom friviljugsentral held stengt førebels fram til 9. mars.
  • Dagleg leiar Ella Hoel er tilgjengeleg på e-post: ella.hoel@lom.kommune.no og telefon: 996 938 47.

Utgard:

  • Idrettshallen i Utgard er ope for organisert aktivitet for dei under 20 år.
  • Styrke- og spinningrom er ope for uorganisert individuell trening (for dei med abonnement). Sjå nettsida til Utgard for retningslinjer.
  • Kino og andre kulturarrangement er inntil vidare utsett eller avlyst.

Skule:

  • Barnehage og skule er på gult nivå. 

Så minner vi om: 

  • Har du symptom, ring koronatelefonen så du får testa deg: 481 65 519 (kvardagar 09:00-15:00)
  • Hald fram med å ta godt vare på kvarandre - ta ein ekstra telefon til dei som treng det, og nøl ikkje med å ta kontakt med hjelpeapparata om du treng nokon å prate med. 
  • Hald hendene reine, host i papirlommetørkle, hald avstand, hald deg heime om du er sjuk og unngå reiser som ikkje er naudsynte. 

Set deg inn i, og følg, dei nasjonale tiltaka, du finn dei på helsenorge.no.

Helsing
kriseleiinga i Lom kommune, 10.02.2021